Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aukra får nye bussruter frå 1. mai

For dei fleste vil dette vere positive endringar for busstilbodet, med raskare og meir effektive trasear.

Dei nye endringane fører til raskare og meir effektive trasear mellom Aukra ferjekai og Nyhamna, og mellom Aukra ferjekai og Småge ferjekai. Ruteendringane er utarbeidd i samarbeid med Aukra kommune.

Gjennomgåande buss til morgonflyet frå Årø lufthamn

I den nye ruta blir det ei pendlarrute kl. 07.00 frå Molde til Nyhamna, med retur kl. 15.35 frå Nyhamna til Molde. Det blir også ein buss for den som skal reise med det første flyet. Denne bussen er med den nye ferjeavgangen kl. 05.00 og kjem til Molde lufthavn Årø kl. 05.50.

Betre tilbod på helg

Rute 531 Malmeskiftet – Hollingsholm – Molde får eit søndagstilbod med tre avgangar i kvar retning, og eit forsterka laurdagstilbod med avgang kl. 20.15 frå Molde.

Endringane vil føre til eit betre og meir effektivt tilbod for dei fleste, medan det vil bli eit redusert tilbod på traseane utanfor hovudvegane. Det er viktig å legge merke til at pendlaravgangane til/frå byen vil fortsette som før.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00

Her kan du finne opningstidene i jula