Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ålesund først ute med el-bussar

Møre og Romsdal fylkeskommune sett i drift dei ti første el-bussane i Møre og Romsdal i Ålesund 1. januar neste år.

El-bussane skal i hovudsak køyre rutene 601 og 602 mellom Hessa, Sentrum, Moa og Magerholm,  og skal minimum køyre 750 000 rutekilometer kvart år. Det VY Buss som er operatør på kontrakten.

- Møre og Romsdal har vore eit føregangsfylke på elektrisk ferjedrift. Når vi skal i gang med ein ny anbodsperiode på buss er det naturleg at vi også her satsar på å redusere klimagassutsleppa. Vi skal vere berekraftsfylket og da må vi redusere utsleppa vi sjølv er ansvarlege for, seier Jesper Wiig, seksjonsleiar for drift i FRAM.

I tillegg til reduserte klimagassutslepp er det også markant mindre støy frå el-bussane. Det gjer det både betre å bu langs vegane bussane køyrer og gir mindre støy inne i bussen.

Legg grunnlaget for framtida

Erfaringa med dei ti bussane i Ålesund skal legge grunnlaget for å vurdere korleis fylkeskommunen kan legge til rette for å el-buss i dei framtidige bussanboda i andre delar av fylket.

- El-bussar er nytt for oss. Derfor er det naturleg at vi startar med nokre bussar og heller utvidar etter kvart. Vi må vite at dei fungerer godt i dei vêr og føreforhalda vi har her og at infrastrukturen for lading fungerer slik han skal før vi får inn fleire el-bussar, forklarar Jesper Wiig.

Billigare i drift

Driftsutgiftane er 24 prosent lågare på ein el-buss enn på ein buss som går på diesel. På sikt vil det vere bra for fylkeskommunen. Pr. i dag er el-bussane dyrare i innkjøp, men i løpet av kontraktsperioden vil dette i stor grad jamne seg ut.

Ladestasjonar i Vågaveien

På FRAM sitt bussanlegg i Vågaveien i Ålesund er det montert 7 plug-inn ladestasjonar med 14 ladeplassar for normallading eller 7 plassar for hurtiglading. Bussane vil bli hurtiglada på dagtid og normallada til 100% om natta når dei ikkje er i drift.

Møre og Romsdal fylkeskommune har fått tilsegn om støtte til ladestasjonane frå ENOVA. Støtta utgjer 40 prosent av prosjektkostnadane.

Krav om miljørapport

I kontrakten mellom VY Buss og fylkeskommunen er det krav om at operatøren skal levere ein årleg miljørapport med CO2-rekneskap, forbruk av drivstoff og ei oversikt over køyrte kilometer på ulike drivstoff. Operatøren må også dokumentere reduksjonen i klimagassutslepp.

Fakta om dei nye el-bussane:

  • Modell: Volvo 7900E
  • Lengde: 12 m
  • Rekkevidde: 120-180 km
  • Batterikapasitet: 300 kWh
  • Sitteplassar: 38
  • Ståplassar: 29
  • Alle bussane har setebelte på alle seter

Fakta om nytt bussanbod i Ålesund, Sula og Giske:

  • Det største bussanbodet i Møre og Romsdal.
  • 3 millionar rutekilometer pr. år. Minst 750 000 av desse skal vere utan klimagassutslepp.
  • 70 bussar, 10 av dei skal vere el-bussar.
  • 50 bussjåførar
  • Bussane blir køyrt av VY buss AS under Møre og Romsdal fylkeskommune sitt eige merkenamn FRAM.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00