Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ålesund: Vestre Olsvikveg stengd frå i dag kl. 10 - omkøyring for buss

På grunn av eit brot i pumpeleidning kjem Vestre Olsvikveg til å bli stengd for gjennomkøyring frå ca. kl. 10 i dag, torsdag 28. januar, og nokre dagar framover. Dette gjer at bussane som normalt køyrer der, må køyre alternativ trasé.

Linje 648 Olsvikruta

Linje 648 vil køyre ned ved Bertel O. Steen og bort til Biltilsynet kor start og stopp av ruta vil bli.

Dette betyr dessverre at størsteparten av Olsvika ikkje blir betent i den perioden Vestre Olsvikveg er stengd.

Skoleruter til/frå skolane i Spjelkavik

Ingen bussar kan passere på staden der det er stengt, så det blir også endringar for skolebussane til/frå skolane i Spjelkavik:

  • Buss 1 startar i Bingsa Industrifelt
  • Buss 2 startar frå Olsvik barnehage
  • Buss 3 startar frå Biltilsynet

Dette inneber at frå i morgon tidleg (fredag) og eit par dager framover må elevane gå enten til Olsvik Barnehage eller Biltilsynet for å ta bussen.

Heim frå barneskolen vil begge bussane gå via Bingsa og Olsvik barnehage.

Rutebuss (og skolebuss frå ungdomsskolen) vil slutte og starte frå Biltilsynet.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00