Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ålesund, Giske og Sula: Rimeleg mobilitetsvekebillett 16. – 22. september

Også i år skal Ålesund kommune vere med på Europeisk mobilitetsveke, og også i år har FRAM tilbod om ein eigen mobilitetsvekebillett til svært gunstig pris. For 130 kroner reiser du så mykje du vil med FRAM, i kommunane Ålesund, Giske og Sula i perioden 16. - 22. september.

Tilbodet gjeld for bussane (unntatt flybussen og nattbussen) og hurtigbåtrute 23 Langevåg-Ålesund. Billetten gjeld berre i mobilitetsveka, og det er berre éin priskategori (vaksen). Billetten blir tilgjengelig frå 16. september i FRAM-appen og for reisekort.

I FRAM-appen vel du Periodebillett og så kjem Mobilitetsuke Ålesund opp i lista over tilgjengelege periodebillettar. Har du reisekort, ber du om billetten for mobilitetsuke Ålesund.

Europeisk mobilitetsveke 2019 har hovudbodskapen "Aktiv transport»

Europeisk mobilitetsveke skjer kvart år og har som mål å synleggjere korleis du kan reise meir miljøvennleg, samstundes som du dekker transportbehovet ditt. I 2019 er hovudbodskapen at du kan reise effektivt og trygt med aktiv transport.

Kan du få inn litt aktivitet i den daglige transporten?

–Kroppane våre er meint for røyrsle, men mange av oss slit med å finne tid til å vere aktive i løpet av dagen. Mange av av rutinane våre inneber å sitte stille: i trafikk, ved eit bord, eller foran ein skjerm. Men kva om vi kunne integrere trening i kvardagen og spare penger på same tid? Kanskje kan du sette igjen bilen i barnehagen, og nytte siste transportetappa til trening? På korte reisar er gåing eit godt alternativ. Kombinasjon sykkel, gåing og kollektivtransport er ein mogelegheit for mange, og vi håpar mange vil teste ut det å reise kollektivt under mobiltetsveka, seier Konrad Lillevevang, seksjonsleiar på Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00