Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ålesund: Busspassasjen mellom Lerstadvegen og Moa opnar 24. august

Måndag 24. august opnar busspassasjen i Moavegen. Som ei følgje av denne endringa vil haldeplassane Rabbevågskiftet og Tessbygget ikkje lenger vere betent.

Busslinjer som er berørt av denne endringa er linjene 250, 631, 632, 633 og 634.

Det er etablert nye busshaldeplassar på kvar side av vegen i Moavegen ved krysset Moavegen/Vestmoa. Desse haldeplassane har namn Moavegen.

Ved at bussane kan køyre Moavegen i staden for den gamle traseen, vil køyretida mellom Lerstadvegen og Moa bussterminal bli kortare, særleg i rushtida.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00