Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

17. august begynner det nye kollektivtilbodet for bussane i Kristiansund

Frå og med 17. august 2020 blir det fleire store og viktige endringar i rutetilbodet for bussane i Kristiansund. Endringane er eit resultat av prosjektarbeidet til Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristiansund kommune og Averøy kommune i tillegg til tilbakemeldingane frå innbyggarane.

Enklare, forutsigbart og utvida tilbod

Kort fortalt går endringane ut på at det blir enda enklare og meir forutsigbart å reise kollektivt med bussane i Kristiansund og til/frå Averøy. Det blir òg enklare med mange avgangar på strekninga mellom Kristiansund sentrum og Futura/Løkkemyra.

Målet med endringane er at rutene skal vere lette å forstå, bussane blir meir presise, og i tillegg utvidar vi rutetilbodet som blir betre på kvelden og i helgane enn tidlegare. Spesielt med eit utvida tilbod på laurdagar og søndagar. Noko vi har fått tilbakemeldingar frå innbyggarane om.

For oppdatert ruteinformasjon, kan du bruke reiseplanleggaren på frammr.no og FRAM-appen. Eller du kan ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00. Du kan også besøke Kristiansund trafikkterminal ved spørsmål om kollektivtilbodet.

Endringane

Her kan du sjå nærmare på kva for endringar som er gjort på rutene:

501 Kristiansund-Bruhagen-Hoset-Kårvåg

  • Ruta køyrer Kranaveien ut av sentrum.
  • Frå 17. august og fram til slutten av september køyrer ruta Langveien i staden for Kranaveien på veg mot sentrum. Når arbeidet i Kranaveien er ferdig vil også bussane til sentrum køyre Kranavegen.
  • Avgangane til rute 503 Bruhagen-Kvernes-Kårvåg blir køyrd av rute 501 mellom Bruhagen og Kristiansund (alle avgangane mellom Kristiansund og Bruhagen blir køyrd av rute 501). Målet med endringa er å korte ned reisetida mellom Kristiansund og Averøy, og dette går ved å køyre bussane inn og ut av Kranavegen.
  • Ruta får eit godt samband med andre ruter, særleg med rutene 801 Løkkemyra-Kristiansund lufthavn og 812 Kristiansund sentrum-Godhaugen-Storbakken-Flatøya, som køyrer direkte mellom Løkkemyra og sentrum. Som gir gode moglegheiter for deg som reiser til og frå Løkkemyra for eksempel.

 

801 Løkkemyra-Kristiansund lufthavn

  • Ruta køyrer følgande trasé frå sentrum: Sentrum-Melkvikan-Løkkemyra-Kristiansund lufthavn (raskaste veg og ikkje i ring lenger).
  • Ruta køyrer følgande trasé frå Kristiansund lufthavn: Kristiansund lufthavn-Løkkemyra-Melkvikan-Sentrum (raskaste veg og ikkje i ring lenger).
  • På avgangar i rushtida om morgon og kveld køyrer ruta oftare.
  • Om morgonen køyrer avgangane frå Kristiansund lufthavn via Vikan (Vikansvingen).
  • Om kvelden køyrer avgangane frå sentrum via Vikan (Vikansvingen).
  • Alle avgangar fram til klokka 10.00 blir køyrd via Algeaveien og Nordlandet Sundbåtkai på avgangar mot sentrum.
  • Alle avgangar frå kl. 18.00 blir køyrd via Nordlandet Sundbåtkai og Algeaveien på avgangar frå sentrum på kvardagane.
  • På søndagar er rute 812 Kristiansund sentrum-Godhaugen-Storbakken-Flatøya som vil køyre via Nordlandet Sundbåtkai og Algeaveien.
  • I tillegg vil minibussen på rute 807 Nordlandet-Innlandet-Øvre Bydel tre avgangar frå sentrum til Nordlandet (kl. 11.07, 13.07 og 15.07).

 

802 Dale-Kristiansund lufthavn

  • Ruta køyrer følgande trasé frå sentrum: Sentrum-Dale-Kristiansund lufthavn (direkte og ikkje i ring lenger).
  • Ruta køyrer følgande trasé frå Kristiansund lufthavn: Kristiansund lufthavn-Dale-Sentrum (direkte og ikkje i ring lenger).
  • Avgang kvar halvtime og på avgangar i rushtida om morgon og kveld køyrer ruta kvart kvarter.
  • På avgangane frå sentrum om ettermiddag og kveld køyrer ruta opp til snuplassen i Torvhaugan (etter kl. 14.40).
  • På avgangane frå Kristiansund lufthavn køyrer ikkje ruta via Torvhaugan.
  • Reisande frå Torvhaugan til sentrum kan bruke haldeplassane i Gløsvågveien eller Dalegata.
  • Utvida tilbod laurdag og søndag.

 

803 Karihola-Idrettsparken

  • Ny ringrute Sentrum-Skytterveien-Karihola-Kristiansund stadion-Idrettsparken-Kranaveien-Sentrum med avgang kvar halvtime til kl. 17.05, etter dette avgang kvar time på kvardagar.
  • God korrespondanse frå Sundbåten.
  • Utvida tilbod på morgonen laurdag og søndag.
  • Frå 17. august er det korrigert trasé på grunn av delvis stenging i Kranaveien fram til slutten av september. Korrigert trasé vil vere: Sentrum-Skytterveien-Karihola-Kristiansund stadion-Idrettsparken-Kristiansund stadion-Brunsvika-Sentrum.

 

807 Nordlandet-Innlandet-Øvre Bydel

  • Ny rute som vil erstatte rutene 804 Innlandet, 805 Skorpa-Milnbergan og 806 Øvre Bydel.
  • Ruta køyrer følgande trasé: Sentrum-Jutvika-Hønebukta-Rokilde-Sykehuset-Sentrum.
  • Ruta køyrer følgande trasé på nokre avgangar: Sentrum-Kranaveien-Wilhelm Dalls vei-Nergata-Omagata-Verkstedveien-Futura-Jutvika-Hønebukta-Rokilde-Sykehuset-Sentrum.
  • Utvida tilbod måndag-søndag.
  • Det vil vere eit FRAM Flexx-tilbod mellom Skorpa og sentrum.

 

811 Kristiansund sentrum-Sødalen

  • Nytt tilbud mellom Sødalen og sentrum på skoledagar.
  • Avgangar kvar halvtime til og frå sentrum mellom Sødalen og Rensvik-krysset i rushtida på morgon og kveld.

 

812 Kristiansund sentrum-Godhaugen-Storbakken-Flatøya

  • Avgangar kvar halvtime mellom Godhaugen og Kristiansund sentrum i rushtida.
  • Utvida rutetilbod på helg, avgangane begynner tidlegare med første framkomst til sentrum kl. 06.48 på laurdag og kl. 10.51 på søndag.
  • Ny haldeplass ved Godhaugen.

 

813 Rensvik-Bjørnvik

  • Ruta køyrer mellom Rensvik og Bjørnvik.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00