Frå 1. juli skal innbyggarane som bur på øyane Ona, Sandøy og Orta – og mjølketanken frå Orta – bli prioritert på ferjesambandet.
Ordninga skal gjere at dei fastbuande og arbeidspendlarar ikkje blir hindra i sine reiser til og frå øyane.
Frå fredag 1. juli innfører vi plassbestilling på ferjesambandet. Mannskapet på ferja har kjennskap til alle fastbuande, og i starten kan du – avhengig av kvar du reiser frå – gjere eitt av to:
Løysinga fungerer i aller første omgang med mannskapet sitt kjennskap til dei lokale reisande. Men vi vil saman med Ålesund og Aukra kommunar få laga «innbyggarpass» for fastbuande, som vil bli brukt for å få prioritet på ferja.
Vi trur det kan bli auka tal attståande køyretøy på sambandet denne sommaren. Særleg for dei reisande til Ona så ber vi dei reisande vurdere samkøyring eller å reise utan bil, dersom det er mogleg.
Vi vurderer strakstiltak på Småge ferjekai, for å møte den auka trafikken på ferjesambandet. Blant anna å sette ned fartsgrensa inn mot ferjekaia frå dagens 80 km/t. Prosessen er allereie i gang.
Andre tiltak vi vil gjere, er med enkle grep å legge til rette for fleire parkeringsplassar.
FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00
Org.nummer
944 183 779
Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00