Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

1. mai blir det endringar i rutetidene

Frå og med 1. mai blir det endringar i rutetidene for kollektivtilbodet, og det gjeld både bussane, hurtigbåtane og ferjene.

Her finn du ruteinformasjon

Du kan finne ruteinformasjonen for kollektivtilbodet på nettsida ved å bruke reiseplanleggaren eller sjekke rutene i pdf-format under "ruter", bruke FRAM-appen, kontakte FRAM Kundesenter eller besøke trafikkterminalane.

I dei digitale kanalane våre får du i tillegg til den oppdaterte ruteinformasjonen opp prisane på billettane og informasjon om eventuelle forseinkingar.

Få endringar

Det er gjort mindre endringar på nokre av avgangane og rutene, og vi ber alle reisande sjekke om det er endring på rutene og avgangane de bruker.

Grunna økonomiske tilhøve blir det gjennomført mindre reduksjonar i rutetilbodet, og desse endringane er lagt opp slik at det er enkelte ruter med få reisande som blir ramma.

Blant endringane i kollektivtilbodet frå mai, vil avgangane til hurtigbåtrute 39 Molde-Vestnes-Sekken på søndagane og heilagdagane takast bort. Avgangane til nattbussen i Kristiansund (rute 810) er tatt bort i det ordinære tilbodet, men for kveldane det er Tahiti-festival vil det vere eit tilbod som tidlegare år. For avgangane i Giske kommune vil det det vere endringar i rutetidene, sidan tunnelane til Ålesund opnar igjen.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00

Merk! Heilagdagane.