Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aktuelt

Barnehagebarn kan reise gratis med bussane

15.01.19

Frå og med 1. januar kan barnehagane reise med bussane mellom kl. 09.00 og 13.00 utan å betale for billetten til barna.

FRAM Ung kostar 426 kroner

03.01.19

1. januar 2019 blei prisen på periodebilletten for ungdom, kalt FRAM Ung, justert til 426 kroner.

AutoPASS for ferje frå 1. januar

20.12.18

Frå og med 1. januar 2019 begynner betalingsordninga AutoPASS for ferje over heile landet.

Endring for rutene 501 og 503 i Kristiansund frå 1. januar

18.12.18

Frå og med 1. januar vil fleire avgangar køyre Kranaveien inn og/eller ut til/frå Kristiansund trafikkterminal. Endringa vil gjelde rutene 501 og 503 i Kristiansund.

Ålesund, Kristiansund og Molde har fått sanntid i reisesøket

13.12.18

No har alle kollektivreisande moglegheita til å sjekke avgangane til bussane i Ålesund, Kristiansund og Molde i sanntid gjennom FRAM-appen og reiseplanleggaren på frammr.no.

Ferje Lauvstad-Volda: Første tur frå Lauvstad på kvardagar flyttast til kl. 05.55

19.11.18

På grunn av byggjearbeid ved kaia i Volda og krav til ekstra forsiktig manøvrering i høve dette, rekk ikkje ferja frå Lauvstad å legge til kai og køyre ut igjen til riktig tid. Dette fører til forseinkingar også på seinare avgangar.

Kontaktlaus betaling i bussane og på hurtigbåtane

16.11.18

I løpet av november vil det vere mogleg å betale kontaktlaust med bankkort i alle bussane til FRAM. I bussane i Ålesund, Kristiansund og Molde, og i hurtigbåtane, kan du allereie bruke kortet på denne måten.

Kollektivtilbodet i jula og endringar 1. januar

14.11.18

I jula vil det vere eit redusert kollektivtilbod, og frå og med 1. januar vil prisane på billettane justere seg. Nokre av rutene vil óg vere endra frå 1. januar.

Justering av busstilbodet på Godøya frå måndag 19. november

13.11.18

Frå måndag 19. november blir det ei endring på skolebussen frå Juv om morgonen for å tilpasse skoleskyssen betre.

Haldeplassen Rokilde i Kristiansund stenger 19. november

12.11.18

På grunn av vegarbeid i enden av Politimester Bendixens gate i Kristiansund vil haldeplassen Rokilde stenge frå og med måndag 19. november. Haldeplassen blir brukt av rute 806 Øvre bydel.

Foreløpig endring for rutene ved sjukehuset i Kristiansund

09.11.18

Vegen ved sjukehuset i Kristiansund er opna igjen, men er ikkje køyrbar for bussane. Det vil vere korrespondanse mellom rute 100 Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund og rute 806 Minibussrute Øvre Bydel ved trafikkterminalen i Kristiansund.

Haldeplassen i Søndre gate er flytta til Olav Tryggvasons gate i Trondheim

09.11.18

Det er ei endring i haldeplassane i Trondheim. Haldeplassen Søndre gate brukt av FRAM Ekspress rute 905 Trondheim-Kristiansund-Molde er flytta til Olav Tryggvasons gate.

Bussane vil fortsette å køyre som i dag etter opninga av flyplasskrysset i Kristiansund

08.11.18

Etter opninga av det nye flyplasskrysset i Kristiansund vil bussane fortsette å køyre som i dag, utan å stanse ved krysset. Haldeplassen ved Seivikakrysset vil i tillegg fortsette å bli brukt til av-/påstiging for bussane, og overgangen mellom bussen og drosje til/frå flyplassen i Kristiansund vil fortsette ved drosjestoppet ved Futura.

Sjukehuset i Kristiansund – stengt veg

01.11.18

På grunn av stengt veg ved sjukehuset i Kristiansund vil ikkje rute 100, 501 og 901 køyre via sjukehuset. Alternativ haldeplass er Kongens plass. Dette gjeld til og med onsdag 7. november.

Ferjerute 48 Halsa-Kanestraum vil følge normal rutetabell natt til laurdag 27. oktober

26.10.18

På grunn av at arbeidet som har ført til nattestenging er ferdig, melder Statens vegvesen at ferjerute 48 Halsa-Kanestraum vil køyre som normalt etter rutetabellen natt til laurdag 27. oktober.

Siste og første ferjeavgang for rute 48 Halsa-Kanestraum 22.-27. oktober

22.10.18

I perioden med innstilling av avgangar for ferjerute 48 Halsa-Kanestraum måndag 22. til laurdag 27. oktober, vil siste og første avgangane vere.

Vedlikehald av Sveggebrua fører til endring frå 22. oktober til 3. november for rute 506 Sveggen

16.10.18

Måndag 22. oktober til laurdag 3. november (gjeld ikkje søndag 28. oktober) mellom klokka 09.00-15.00 og kl. 18.00-21.00, vil ikkje rute 506 Sveggen køyre innom haldeplassane Svegge kai og Sveggesundet. Dette på grunn av vedlikehald av Sveggebrua på Averøya.

Ver forberedt på forseinkingar på grunn av militær kolonnekøyring

10.10.18

I dag og i vekene framover vil Forsvaret og NATO-øvinga Trident Juncture føre til kolonnekøyring på vegane i Møre og Romsdal. Fylkesveg 64, fylkesveg 65, riksveg 70, E39 og E136 er blant vegane det blir militær kolonnekøyring på.

Endringar i busstilbodet ved stengd Ellingsøytunnel 13.-14. oktober

09.10.18

I samband med stenging av Ellingsøytunnelen helga 13.-14. oktober blir det nokre justeringar av busstilbodet gjennom tunnelen laurdag og søndag.

Nødvendig endring i ferjetidene til 50 Seivika-Tømmervåg og 54 Edøya-Sandvika frå og med 29. oktober

08.10.18

Frå og med måndag 29. oktober blir første avgangen til ferjerute 50 Seivika-Tømmervåg endra med ti minutt på kvardagane, frå klokka 05.00 til kl. 04.50 frå Seivika ferjekai og frå Tømmervåg ferjekai kl. 05.20.

Frå 29. oktober blir også første avgangen til ferjerute 54 Edøya-Sandvika endra med fem minutt på kvardagane, frå klokka 04.45 til kl. 04.40 frå Edøya ferjekai.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00