Problemet med kartet i reiseplanleggaren er ordna
02.10.19Problemet med å laste inn kartet i reiseplanleggaren er ordna igjen.
Problemet med å laste inn kartet i reiseplanleggaren er ordna igjen.
Bruker du FRAM-appen, bør du oppdatere til nyaste versjon (3.9.2). Alltid bruk den nyaste versjonen for å kunne bruke betringar av funksjonane i appen og bli kvitt feil.
Frå 1. oktober vil to av haldeplassane på Smøla få nye namn. Hopen, blir endra til Hopen brygge, og Nordsia butikksenter, blir endra til Hopen sentrum.
Frå og med torsdag 19. september blir det ekstra avgangar for ferjerute 48 Halsa-Kanestraum. Avgangane vil antakeleg vare til midten av oktober.
Problemet med FRAM-butikken og nettbutikken i dag tidleg som gikk ut på at fleire opplevde å ikkje kunne kjøpe eller bruke billetten i appen, er ordna. Nettbutikken virker igjen òg.
Utkøyringa ved Moa trafikkterminal vil vere stengd for trafikk frå 17. september klokka 20.30 til 18. september ca. klokka 11.00 på grunn av asfaltering.
Kristiansund trafikkterminal er opna igjen for trafikk etter å ha vore stengd på grunn av gasslekkasje i området. Bussane vil begynne å køyre til og frå terminalen så fort som mogleg.
På grunn av byggearbeid ved torget i Molde vil det ikkje vere mogleg å gå eller sykle over torget frå onsdag 11. september klokka 12. Bussane som normalt køyrer ned Kirkebakken vil køyre alternativ rute.
Arbeidet ved kaiene som førte til at sambandet mellom Åfarnes og Sølsnes var nattestengt frå måndag 2. september, er ferdig og ferjene følger ordinære rutetider igjen.
Problemet som gjorde at vi ikkje kunne motteke kontaktskjema inn til FRAM Kundesenter i ettermiddag er fiksa.
Frå ettermiddagen 22. september til 11. oktober vil reservefartøyet M/F Vengsøy bli brukt på ferjesambandet 32 Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona.
Frå måndag 9. september vil avgangen klokka 07.40 frå Mork til Bruhagen vere flytta fem minutt fram, til kl. 07.35.
Bussen vil ikkje stanse ved haldeplassane etter Kvernes og fram til Averøy ungdomsskole frå 9. september. Verken for av- eller påstiging.
Frå 9. september vil avgangen klokka 07.30 frå Aure til Kjørsvikbugen vere flytta fram med fem minutt, til kl. 07.25. Merk at alle tidene for haldeplassane vidare på avgangen blir flytta fram med fem minutt òg.
Denne veka vil Statens vegvesen kontrollere om bussreisande over heile landet bruker setebelte. Gebyret dersom ein blir tatt for å ikkje bruke belte er 1500 kroner.
På grunn av arbeid ved ferjekaiene vil sambandet mellom Åfarnes-Sølsnes vere nattestengt mellom seint kvelden måndag 2. september/natt til tysdag 3. september og tidleg morgon laurdag 14. september. Eit unntak er natt til måndag 9. september.
Frå 2. september vil ikkje avgangen frå Kårvåg ved Atlanterhavsvegen klokka 15.05 lenger køyre innom haldeplassen Rånes. Merk at det er ingen endring på avgangstida for måndag.
Frå 3. september er avgangen frå Kårvåg ved Atlanterhavsvegen klokka 15.05 flytta fram til kl. 14.52 for vekedagane tysdag til fredag.
Frå 2. september vil avgangen frå Bruhagen kl. 07.30 vere flytta fem minutt fram til kl. 07.25. Merk at alle tidene for haldeplassane vidare på denne avgangen er flytta fram med fem minutt òg. Framkomsten til Bruhagen barneskole er den same som tidlegare.
Frå og med onsdag 28. august vil avgangen klokka 07.55 frå Kristiansund trafikkterminal køyre fem minutt tidligare, klokka 07.50.
På grunn av arrangement på Aure fredag 23. august vil rute 821 Kristiansund-Tustna-Aure-Kjørsvikbugen starte og stoppe i Leirdalen (på nordsida av tunellen). Bussane vil stille seg opp på vegen mot den gamle ferjekaia.
På grunn av arrangement i Kristiansund sentrum laurdag 24. august vil Kaibakken vere stengd for trafikk nordover mellom klokka 09.00 og 17.00.
Grunna legging av ny vassleidning vil Haddalvegen vere stengt for gjennomkøyring til slutten av oktober. Dette fører til endringar i busstraseen for linje 338.
Under rigginga til Den Norske Matfestivalen og under sjølve festivalen vil busshaldeplassen på Skateflua vere stengd.