Oppdatert 13.04: Framleis nokre driftsproblem med FRAM-appen
12.04.21Vi har tidligare meldt at problem med kortbetaling i FRAM-appen er løyst, men vi har framleis nokre driftsproblem med FRAM-appen.
Vi har tidligare meldt at problem med kortbetaling i FRAM-appen er løyst, men vi har framleis nokre driftsproblem med FRAM-appen.
Partane kom søndag til einigheit og det ble ikkje streik i transportsektoren.
Viss partane ikkje kjem til einigheit, kan tilsette i transportsektoren bli tatt ut i streik frå søndag 11. april. Dette vil ramme buss- og ferjetilbodet i Møre og Romsdal som beskrive nedanfor.
Entreprenøren som skulle spunte langs steinfyllinga har ikkje kome med mannskap og utstyr til Kvanne som føresett. Møre og Romsdal fylkeskommune har difor valt å avslutte avtalen.
På grunn av service/vedlikeholdsarbeid blir hurtigbåten MS Godøy erstatta med MS Valderøy torsdag 8. april og fredag 9. april.
Problemet med kortbetaling i FRAM-appen skal no vere løyst. Det ser ut til at problemet berre gjaldt iOS-brukarar (iPhone).
For avgangen med linje 532 Elnesvågen-Molde er passeringstidene mellom Kviltorp og Molde ferjekai justert.
Tysdag 6. april startar Møre og Romsdal fylkeskommune sikringa av Kvanne ferjekai. I fem veker blir det jobba store delar av døgnet for å stabilisere steinfyllinga og sikre sjøbotnen mot utvasking. Dette påverkar ferje- og bussavgangar.
Det blir måndag morgon (29.03) meldt om problem med kortbetaling i FRAM-appen. I steget for verifisering med BankID/CVC får brukarane ei feilmelding. Dette ser ut til å ramme alle betalingar med kort. Betaling med Vipps ser ut til å gå utan problemr.
Det blir mindre justeringar på fleire busslinjer i Vestnes og Rauma frå 1. april.
Verneombudet for bussjåførane har bedt om stenging av framdørene på bussane i Fjord kommune. Stenginga blir iverksett frå i dag, torsdag 25. mars.
FRAM anbefalar at alle som reiser kollektivt bruker munnbind på heile reisa. Dette gjeld og i kommunar som ikkje har innført påbod om bruk av munnbind, og det gjeld på buss, hurtigbåt og ferje.
Fleire kommunar i nærleiken av Ålesund innfører påbod om bruk av munnbind på kollektivreiser.
Som ein følgje smitteutbrotet i Ålesund har kommuneoverlegen bedt om ytterlegare tiltak knytt til kollektivtrafikken.
På grunn av ein feil i nettbutikken er berre periodebillattane område tilgjengelege i nettbutikken akkurat no.
Informasjonen om påskeruter for ferje er oppdatert 18. mars. Her finn du oppdatert informasjon om påskerutene.
På grunn av nødvendig arbeid blir det stopp på sambandet Molde-Vestnes frå fredag 19. mars ca kl. 23.00 til laurdag morgon kl. 06.30 og frå laurdag 20. mars ca kl. 23.00 til søndag morgon kl. 06.30. Dette melder Statens vegvesen.
FRAM legg no til rette for at passasjerar på FRAM Ekspress og dei lengste hurtigbåtrutene kan registrere seg som passasjer på reisa. Tenesta skal bidra til enklare smittesporing viss det i etterkant blir oppdaga at det har vore passasjerar med smitte om bord på bussen eller båten. Registrering er frivillig.
Avgang frå Kristiansund søndag kveld på linje 100/101 FRAM Ekspress Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund er flytta ti minutt frå kl. 19.20 til kl. 19.10. Dette skyldast tilpassing til nye ferjetider Molde-Vestnes.
Informasjon om påskerutene for buss, hurtigbåt og ferje er nå lagt ut under Ruter>Påskerutene.