Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ålesundstunnelane

Ellingsøytunnelen, Valderøytunnelen og Godøytunnelen blir rusta opp. Det er Statens vegvesen som har ansvar for prosjektet.

Merk! På grunn av to nye veker med kolonnekøyring i Ålesundstunnelene blir nattbussen til Valderøya-Vigra natt til 26. mai og 2. juni endra til berre éin avgang klokka 01.50 frå rutebilstasjonen. Du kan søke i reiseplanleggaren på nett eller bruke FRAM-appen for å finne oppdatert ruteinformasjon.

Rutetabellane for aktuelle kollektivruter

Her kan du finne kollektivtilbodet ved rehabiliteringa av tunnelane, rutene 671 Ålesund-Valderøya-Vigra672 Vigra-Valderøya-Ålesund673 Ålesund-Ellingsøya674 Ellingsøya-Ålesund675 Ålesund-Godøya og 676 Godøya-Ålesund i pdf-format.

Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen

Arbeida i Ellingsøytunnelen starta 1. november 2017, og skal vere ferdig i mars/april 2019. Arbeida i Valderøytunnelen starta 29. november 2017, og skal vere ferdig i april 2019.

På vegvesen.no/tunnelermidt kan du finne informasjon om tunnelane.

For å finne rutetidene ved rehabiliteringa av Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen, kan du søke i reiseplanleggaren på nett eller bruke FRAM-appen. Dette vil vere oppdatert med korrekt ruteinformasjon i heile arbeidsperioden.

  • Flybussavgangane blir tilpassa slik at det er mogleg å rekke dei første flyavgangane som normalt

Merk! Statens vegvesen tilbyr ei SMS-teneste for varsling om endringar i trafikkavviklinga.

Her kan du finne fullstendig informasjon frå Statens vegvesen om Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen.

Godøytunnelen

Arbeida i Godøytunnelen starta 8. november 2017, og vil halde fram til våren 2019.

På vegvesen.no/tunnelermidt kan du finne informasjon om tunnelen og kolonnetidene.

For å finne rutetidene ved rehabiliteringa av Godøy-tunnelen, kan du søke i reiseplanleggaren på nett eller bruke FRAM-appen. Dette vil vere oppdatert med korrekt ruteinformasjon i heile arbeidsperioden.

  • Godøytunnelen er stengt kvar dag med kolonnekøyring til faste tidspunkt.

Merk! Statens vegvesen tilbyr ei SMS-teneste for varsling om endringar i trafikkavviklinga.

Her kan du finne fullstendig informasjon frå Statens vegvesen om Godøytunnelen.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00

Merk! Heilagdagane.