Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ålesundområdet: gratis buss, rabatt på hurtigbåt og nye linjenummer frå 22. august

22. august 2022 skjer det mykje med kollektivtrafikken i Ålesund (gamle Ålesund kommune), Sula og Giske. Bussane får heilt nye linjenummer, og det blir gratis å reise med buss i to månader frå 22. august til 22. oktober. Det blir og 40 % rabatt på hurtigbåt til/frå Ålesund i same periode.

I denne artikkelen får du først informasjon om tilbodet om gratis buss og rabatt på hurtigbåt. Lenger ned finn du informasjon om dei nye linjenumra og dei justeringane som blir gjort i busstilbodet.

Gratis buss og 40 % rabatt på hurtigbåt

Frå 22. august blir det to månader med gratis buss i Ålesund byområde,  Sula og Giske.

Målet med kampanjen er at fleire skal bli vande med å bruke kollektivtransport. Gratisperioden startar same dag som det blir starta innkreving av bompengar i Ålesund.

Gratis buss gjeld på- og avstiging i eit definert område

Tilbodet om gratis buss er for dei som gjennomfører heile reisa – altså går både på og av bussen – i gratisområdet.

Gratisområdet omfattar desse sonene: 300 Ålesund, 302 Moa, 303 Blindheim/Solavågen, 304 Magerholm, 305 Brusdalen, 306 Ellingsøya, 307 Taftesund, 308 Valderøy-Giske, 309 Godøya, 310 Roald, 311 Digernes, 314 Glomset, 321 Langevågen, 322 Sulesund.

Her kan du sjå eit kart over området med gratis buss.

Viss reisa di startar utanfor gratisområdet, eller du startar i gratisområdet og skal reise til ei sone utanfor dette området, må du betale billett for heile reisa som før. Det same gjeld om du kjøper periodebillett for eit område som startar/sluttar utanfor gratisområdet.

Billettlaus reise innanfor gratisområdet

I perioden med gratis buss reiser du billettlaust viss du både startar og avsluttar reisa di innanfor gratisområdet. Det vil seie at det ikkje er nokon billett som skal lesast av på kortlesarane om bord. Reiser du inn eller ut av gratisområdet, skal du ha gyldig billett og skal lese av billetten på kortlesaren.

Reisegaranti

Reisegaranti er knytt opp mot eit billettkjøp. Når det ikkje blir løyst billett, gjeld heller ikkje reisegarantien. Det betyr at reisegarantien ikkje gjeld for dei som reiser gratis innanfor det definerte området.

Refusjon

Ifølgje takstregulativet kan restverdi for periodeprodukt bli utbetalt etter følgande formel: Periodebillett 30 dagar kan løysast inn i den perioden den er gyldig for.  

Det blir sett på som om billetten er nytta t.o.m. den dagen billetten blir sperra. Refusjon blir gitt etter denne formelen: Pris for periodebillett med frådrag av 2 reiser per dag til pris for enkeltbillett minus 17% rabatt for dei dagane periodebilletten har vore nytta. 

Merk at periodebilletten for Ålesund er sterkt rabattert. Søker du refusjon av ein slik områdebillett for Ålesund, er det ikkje sikkert at det blir noko å refundere når refusjonsformelen blir brukt. 

Det blir meir folk på bussane

I perioden med gratis buss venter vi auka trafikk på bussane. Det vil bli sett opp ekstrabussar i den grad vi har moglegheit til det. Ver merksam på at dette kan vere turbussar utan FRAM-profil.

Enkelte dagar vil det ikkje vere mogleg å leige inn eksterne bussar på grunn av manglande tilgang på ekstrabussar og/eller sjåførar.

Vi ber alle våre reisande om å vise omsyn til kvarandre, utnytte plassen på bussane, høyre på sjåføren sine beskjeder, og vente på neste buss viss bussen er heilt full. På den mest trafikkerte strekninga mellom Ålesund sentrum og Moa går det buss kvart 10. minutt i rushtida og rundt kvart 20. minutt utanfor rushtida på dagtid.

Tek du vanlegvis ein buss som er ganske full og du har noko du må rekke, til dømes skolestart, kan det vere lurt å ta ein buss tidlegare enn vanleg.

40 % rabatt på alle hurtigbåtsamband til/frå Ålesund

Frå 22. august blir det og 40 % rabatt på alle hurtigbåtar til og frå Ålesund. Rabatten gjeld alle billettypar, og gjeld ruta Hareid-Valderøy-Ålesund, Langevåg-Ålesund og Nordøyruta

Merk! Det blir eit heilt nytt ruteopplegg til og frå Nordøyruta frå 28. august, når Nordøyvegen har opna.

Nye linjenummer og effektivitetstiltak

Bussane vil stort sett køyre som før - med nokre justeringar, men dei tresifra linjenummera blir bytta ut. Det blir fire hovudlinjer med nummer 1-4 og lokallinjer med tosifra nummer.

Her kan du sjå linjekartet for Ålesund frå 22. august 2022.

Bakgrunnen er eit ønske om å forenkle linjestrukturen, gjere tilbodet mest mogleg føreseieleg  og korte ned på reisetida der det har vore mogleg.

I 2018 innførte FRAM linjenummer for kvar bussretning. Resultatet vart mange linjenummer og eit komplekst system. No får vi fire hovudlinjer på dei mest brukte strekningane, noko som gjer det mykje lettare å orientere seg for passasjerane.

Endringa er ein del av Bypakke Ålesund og Plan for utvikling av Ålesund byområde fram mot 2030, som er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund kommune og Statens vegvesen. 

Slik blir den nye linjenummereringa

Nytt linjenummer Gammalt linjenummer Strekning
1 601/602 Hessa-sentrum-Moa-Myrland
2 631/632 Sentrum-Moa-Magerholm
3 671/672 Ålesund-Valderøya-Vigra
4 440 Langevåg-Fiskarstrand-Sunde-Ålesund
10 641 Fjelltun
11 642 Larsgården
12 633/634/644 Ålsund-Lerstadbakken-Moa-Fremmerholen
13 627/648 Olsvik-Furmyr
14 647 Humla
15 645 Brusdal
16 645 Glomset
17 646 Utvik-Skodje
18 643 Serviceruta
21 601/602 natt Nattbuss Ålesund-Hessa (Hessa-sentrum-Myrland-Magerholm)
31 673/674 Ellingsøya
32 675/676 Giske-Godøya
41 443 Sulesund

 

Desse linjene går ut i sin noverande form

621   

EKSPRESS Ålesund-Furmyr-Magerholm

Strekninga blir i hovudsak dekt av ny linje 2.

622   

EKSPRESS Magerholm-Furmyr-Ålesund

Strekninga blir i hovudsak dekt av ny linje 2.

626   

Moa-Furmyr-Ålesund

Det vil bli sett opp eit alternativt tilbod.

649   

Bestillingsruta

Med ny struktur blir tilbodet i Lerstadvegen forbetra slik at store delar av nedslagsfeltet til bestillingsruta får eit betre fasttilbod. Det blir sett opp eigne turar til Fjelltun med linje 10 både laurdag kveld og søndag.

 

Viktige endringar

  • Ny hovudlinje 1 Hessa-sentrum-Moa-Myrland (noverande linje 601/602):
    • Buss til og frå Slinningsodden blir endra frå ringrute til pendelrute. Det inneber at det blir snuplass på Slinningsodden og at bussen skal gå same trase fram og tilbake, på sørsida av Hessa. For dei fleste som bur langs dagens trase på nordsida, er det kort gangavstand til alternative busstopp på sørsida.
    • Overgangen til pendelrute inneber at reisetida mellom Hessa og sentrum blir redusert med minimum 5 minutt og opp til 10 minutt på enkelte avgangar. 
    • Med ny trasé treng ikkje passasjerane å bli med på «rundtur». Bussen vil heller ikkje stoppe ved Skarbøvik ungdomsskole for å regulere seg inn til rutetida. All slik regulering skal no skje på endestoppa.
    • Bussar som går i samband med skoleskyss til/frå Hessa skole, vil gå same trase som i dag, dvs. via nordsida på Slinningen (ein avgang om morgonen, to om ettermiddagen).
    • Bussen vil framleis gå vekselsvis frå Sævollen og Slinningsodden.
    • Linje 1 skal gå til Myrland på dagtid slik som i dag, men berre til Moa på kveld og helg. Det vil seie at linja ikkje lenger skal gå heilt til Magerholm på kveld og helg. Strekninga Moa-Magerholm blir dekt av ny linje 2. Dette fører til redusert tilbod på kveld og helg til/frå Myrland.
  • Ny hovudlinje 2 Sentrum-Moa-Magerholm (noverande linje 631/632) skal gå kveld og helg i tillegg til dagtid som no. Dette er spesielt gunstig for dei som bur i området Flisnes-Emblem, som får kortare reisetid på kveld og helg, då dei ikkje må køyre via Myrland.
  • Ny lokallinje 12 Ålesund-Lerstadbakken-Moa-Fremmerholen (noverande linje 633/634) blir slått saman med noverande linje 644 Fremmerholen. Atlanterhavsparken haldeplass går ut på grunn av svært varierande passasjertal. Næraste stopp til Atlanterhavsparken blir Tuenesvegen (ca. 1 km frå Atlanterhavsparken).
  • Linje 649 Bestillingsbuss går ut. Her har det vore svært få passasjerar. Med ny struktur blir tilbodet i Lerstadvegen forbetra, og mykje av nedslagsfeltet til bestillingsbussen får eit betre fasttilbod. Dei fleste som bur i området har kort gangveg til stopp for dei andre busslinjene. Det blir sett opp eigne turar til Fjelltun med linje 10 både laurdag kveld og søndag.
  • Nattbussen vil køyre same trasé og med same avgangar som tidlegare, men får eige linjenummer.
  • På fleire linjer blir det gjort justeringar for å få vekk små forskjellar i avgangstider sommar og vinter, slik at det blir likt heile året. 

Tiltak på haldeplassar

Samtidig med at linjeomlegginga blir utført, vil FRAM og sette i gong tiltak for å betre informasjonen på haldeplassane. Nokre av desse tiltaka vil vere på plass samtidig med linjeomlegginga, medan andre tiltak vil kome i etterkant.

  • Haldeplassane på hovudlinjene vil bli merka med kva linjenummer som går frå haldeplassen. Dei største haldeplassane (dei med høgast påstigningstal) vil bli prioritert fyrst, deretter vil merkinga blir gjort på andre haldeplassar.
  • På dei største haldeplassane, der det er busskur og straum tilgjengeleg, vil det kome elektroniske skilt med informasjon om dei neste avgangane. Dette vil ikkje vere på plass til 22. august, men vil bli utført så snart som mogleg.
  • FRAM vil utarbeide ein standard for kva andre typar informasjon som skal vere tilgjengeleg på dei ulike haldeplassane og så snart som mogleg utplassere denne informasjonen på dei ulike haldeplassane.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00