Fram logo

Skoleskyss

Rett på skoleskyss

Elevar som har rett på skoleskyss, får eige skysskort. Kortet gjeld på strekninga mellom bustad og skole. Skysskortet gir rett til skyss til skolens ordinære start- og sluttid.

Responsivt bilde
Grunnskole

Du har rett på fri skoleskyss dersom:

  • Du har meir enn 4 km reiselengde til skolen. For førsteklassingar er avstanden 2 km. 
  • Du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstanden mellom bustad og skole. 
  • Du har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, uavhengig av veglengde mellom bustad og skole. 
  • Det er nødvendig med båt- eller ferjetransport, utan omsyn til reiselengde mellom bustad og skole.
Vidaregåande skole 

Du har rett på fri skoleskyss dersom:

  • Du har meir enn 6 kilometer avstand mellom heim og skole.
  • Du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstanden mellom bustad og opplæringsstaden.
  • Det er nødvendig med båt- eller ferjetransport, utan omsyn til reiselengde mellom bustad og opplæringsstaden.
Ver merksam på:

Ved varig endring av reisestrekninga di så må gi beskjed til skolen. Skolen eller kommunen kan ha eigne reglar for skoleskyss og førebels skyss.

Reglement og søknadsskjema

På nettsida til samferdselsavdelinga finn du meir informasjon om reglement og søknadsskjema for skoleskyssen.