Fram logo

Sanntidsinformasjon

Sanntid betyr oppdatert informasjon om når transportmiddelet har forventa avgang.

Sanntid på ekspressbuss

For første gang i Møre og Romsdal vil reisande få tilbod om sanntid på buss. Tilbodet blir først lansert  på rute 100 og 101 som er ekspressbussen mellom Volda og Kristiansund. Sanntid gir betre og meir oppdatert informasjon som gjer det lettare og meir oversikteleg for reisande å nytte bussen. Sanntid gir tryggheit og gjer det føreseieleg for alle som reiser med buss. Oppstart er 01.01.2016.

  • Neste haldeplass bli automatisk lese opp over ein innvendig høgtalar.
  • Skjermar inne på bussen vil gje reisande informasjon om dei neste stoppestadene på ruta.
  • Når bussen stoppar ved ein haldeplass vil det bli utvendig opplesing av linje og destinasjon slik at dei som skal gå på bussen får betre informasjon.

For mange blinde og svaksynte er det vanskeleg å reise kollektivt, men med sanntidsinformasjon blir terskelen senka slik at fleire kan nytte bussen som framkomstmiddel.

I løpet av første kvartal 2016 vil også rute 681, 230, 250, 310, 330 og 338 få sanntidinformasjon.

Skilt på fergekai

Skilta viser berekna tid for når ferja eller hurtigbåten vil gå frå kai (tel ned frå 10 til 0 minutt). Avgangar som ikkje har berekna tid tilgjengeleg, viser planlagt rutetid i klokkeslettform (tt:mm). Vi har sanntidsskilt på på 39 kaier. Vi har valt ut kaier ut frå kor mange reisande og køyretøy som nyttar dei ulike sambanda.

Desse områda skal har montert skilt for sanntidsinformasjon:
  • Molde
  • Vestnes
  • Sykkylven
  • Magerholm
  • Hareid
  • Sulesund
  • Festøy
  • Solavågen
  • Volda
  • Folkestad
  • Sølsnes
  • Åfarnes
  • Halsa
  • Kanestraum
  • Hollingen
  • Aukra
  • Eidsdal
  • Linge
  • Seivika
  • Tømmervåg
  • Stranda
  • Liabygda
  • Solholmen
  • Mordalsvågen
  • Årvika
  • Kopparneset
  • Kvanne
  • Rykkjem
  • Lauvstad
  • Skjeltene
  • Brattvåg
  • Edøy
  • Sandvika
  • Haramsøya
  • Harøya
  • Larsnes
  • Sæbø
  • Leknes
  • Dryna





Sanntid ombord i bussen