Fram logo

Ofte stilte spørsmål

1. Kva er reisekortet?

Reisekortet er eit plastkort som du fyller opp med billettar eller reisepengar. Reisekortet erstattar kollektivkortet, men vil ha same funksjon som dagens kollektivkort. I ein overgangsfase vil kollektivkortet, billettprodukt og verdiar som ligg inne på kollektivkortet framleis vere gyldig. Ved fornying av billettar og påfyll av reisepengar beheld du same reisekort - du fornyar berre innhaldet.

2. Korleis brukar eg reisekortet?

Du kan leggje inntil åtte ulike billettar (enkeltbillett og periodebillettar m.m.) på reisekortet. I tillegg har kortet ein verdidel kor du kan setje inn pengar og bruke verdidelen ved kjøp av enkeltbillettar og periodebillett. Når du har eit eller fleire billettar på reisekortet, legg du berre kortet mot kortlesaren og det blir lest med ein gong.

3. Korleis skaffar eg meg eit reisekort?

Eit upersonleg kort kan du få på bussen eller hurtigbåten. Kort som er personlege, dvs. med namn og bilete får du ved eit av våre salskontor eller du kan bestille det her. Når billett/verdi skal fornyast kan du gjere det på bussen eller på eit salskontor.

4. Kva kostar kortet?

Første gang du får kortet, betalar du ikkje noko. Om du mistar kortet, må du betale kr. 100,- for eit nytt kort.

5. Kvifor er det bilete på kortet?

Periodekort er personlege. Kortet skal difor ha namn og bilete av korteigar og må signerast. For reisekort som blir bukt til Periodekort Ungdom skal i tillegg ha eigar sin fødselsdato. Dersom det er tvil om du er rett eigar, må du kunne vise gyldig legitimasjon, visst ikkje vil kortet bli inndratt.

6. Kan eg bruke kortet på ferjer og hurtigbåtar?

Du kan bruke kortet på hurtigbåtane til Norled, medan ferjene og Kystekspressen foreløpig ikkje kan lese kortet. Det blir jobba med å løyse dette problemet.

7. Korleis kan eg finne ut kva billett som ligg på kortet?

Kortet inneheld ein microchip som lagrar billettar og verdidel på kortet. Er du i tvil om kva reisekortet inneheld, kan du be sjåføren om hjelp. Han eller ho vil kunne lese av kortet på billettmaskina.

8. Korleis fungerer nettbutikken?

I nettbutikken kan reisande kjøpe periodebillettar eller fylle verdi på sine reisekort via ein sikker betalingsløysing, der VISA og Master- og Eurocard blir nytta.

9. Kan eg bruke bankkort på kortlesaren?

Nei, men innan utgangen av 2014 vil så godt som alle bussar i fylket ha bankkortterminalar tilgjengeleg kor du kan betale med bankkort.

10. Kva gjer eg om reisekortet blir øydelagt eller stole?

Ring Fram sitt kundesenter på tlf. 177 for å få kortet sperra. Etter tre dagar kan du oppsøke eit av våre salskontor for å få laga nytt kort.

11. Kva gjer eg om eg mistar reisekortet?

Ring Fram sitt kundesenter på tlf. 177 for å få kortet sperra. Etter tre dagar kan du oppsøke eit av våre salskontor for å få laga nytt kort mot eit gebyr på kr.100,-

12. Kva viss eg mistar kjøpskvitteringa?

Har du gitt oss skriftleg samtykke til å lagre opplysningar om deg (sjå pkt. 15) kan vi sperre kortet.

13. Får eg refundert periodebilletten min viss eg ikkje brukar det?

Viss du har 100 prosent sjukemelding i minst åtte dagar, kan du få refundert den delen av perioden som står att for billetten frå og med første sjukemeldingsdag. Utrekning av refusjonsbeløp blir gjort når reisekortet blir sendt saman med kjøpskvittering, refusjonsskjema og kopi av sjukemelding til: FRAM Kundesenter, Postboks 743, 6501 Kristiansund.

14. Korleis fungerer reiseplanleggaren?

I reiseplanleggaren kan du leggje informasjon om kor du vil reise frå og til og få informasjon om fleire moglege reisealternativ. Det er ikkje nødvendigvis korrespondanse mellom avgangane du for oppgitt. Berekn overgangstid pluss eventuelt gangtid mellom haldeplassane. Appen MR ferjerute gir deg moglegheit til å bruke mobilen til å planlegge ei reise med ferje eller hurtigbåt. Appen viser rutetider for alle ferje- og hurtigbåtruter i fylket i sanntid og er tilgjengeleg på iPhone, Android og Windows Phone. Du kan laste appen ned gratis på App Store, Google Play og Windows Phone Store.

15. Korleis handterer dykk personvernet?

Etter pålegg frå Datatilsynet fører vi inga liste over korteigarar og vi lagrar ikkje bilete av deg utan skriftlege samtykke frå deg. Den personrelaterte informasjonen som blir overført frå kortet til systemet skal ikkje lagrast lengre enn det som er nødvendig for at det skal kunne gjerast ei korrekt avrekning av sals- og brukstransaksjonar, og for at du som kunde skal ha rimeleg tid til å kontrollere ditt eige bruk av kort og produkt.

16. Kva blir lagra?

Systemet lagrar informasjon bruken din av det elektroniske billetteringssystemet i form av sals- og brukstransaksjonar.

17. Kvifor lagrar dykk data?

Sals- og brukstransaksjonar blir brukt til å rekne av produkt/billettar som er kjøpt av kundar. Dei blir brukt til å utarbeide statistikk om bruken til dei ulike produkta/billettane og til å utvikle nye og meir kundevennlege produkt. I tillegg vil sals- og brukstransaksjonane, viss du sjølv ønskjer det og har gitt ditt samtykke til det, vere tilgjengeleg for deg slik at du kan kontrollere avrekninga av produkt/billett som blir gjennomført.

18 Kor lenge lagrar dykk data?

Ingen personrelaterte data skal bli lagra lenger enn nødvendig. Datatilsynet har gitt selskapa ein slettefrist på 30 dagar etter at billetten er gått ut på dato. Til dømes vil opplysningar om ein registrert periodebillett for 30 dagar 1. juli, bli lagra fram til 1. september. Opplysningar om ein billett som blir kjøpt og brukt same dag, blir lagra fram til 1. august.