Fram logo

Nettbutikk

For å kunne handle i nettbutikken må du ha eigen brukarkonto og vere logga på. I nettbutikken kan du kjøpe periodebillettar og fylle på reisekortet ditt med ei verdi (reisepengar).Her finn du nettbutikken.

Har du brukarkonto i nettbutikken?

Logg inn for å fylle på verdi, eller kjøpe periodebillettar.

Ny brukar i nettbutikken?

Opprett din brukarkonto via menyvalet Lag ny brukarkonto.

Registrere reisekort

Man må minst ha eitt reisekort registrert på brukarprofilen sin for å kunne fylle på verdi eller kjøpe periodebillett. Vel Registrer nytt reisekort om ingen kort er registrert frå før. Man kan registrere fleire kort pr. brukarkonto, sånn at det for eksempel er mogleg for ein familie og berre ha ein brukarkonto for alle medlemmar i familien. Man kan knyte reisekort opp mot eit fritt val av namn for å lett kunne identifisere kva reisekort som er knytt til brukarkontoen. Kjøpa som blir gjort i Fram sin nettbutikk vil vere tilgjengeleg på buss og hurtigbåt neste dag, så hugs å fylle på kortet i god tid innan du skal reise.

Ved kjøp av periode
  • Vel "Kjøp produkt".
  • Vel aktuelt reisekort.
  • Vel om du skal ha Førehandsdefinert reisestrekning (periodebillett og kombibillettar buss/hurtigbåt) eller Bestem eigen reisestrekning.
    • Førehandsdefinert reisestrekning
      • Vel produkt.
      • Om mogleg på val av produkt, Vel varigheit (dagar)
      • Vel Passasjerkategori (Voksen eller Barn)
      • Vel Legg til i handlekurv.
      • Om du er ferdig å handle så vel Vis handlekurv eller Vis handlekurv og betal.
    • Vel eigen reisestrekning
      • Fyll ut Frå sone
      • Fyll ut Til sone
      • Vel produkt (periode 30 dagar eller 15 dagar)
      • Vel Passasjerkategori (Voksen eller Barn)
      • Vel Legg til i handlekurv.
      • Om du er ferdig å handle så vel Vis handlekurv eller Vis handlekurv og betal.
      • Kjøpstransaksjonane blir behandla hver natt og du kan bruke kortet ditt neste dag på buss eller hurtigbåt.

       

      Ved påfylling av verdi (reisepengar)
      • Reisepengar vert nytta for å kjøpe enkeltbillett eller for å kjøpe periodebillett på bussen.
      • Bruk "Reisepengar" når du skal legge til reisepengar/verdi på kortet.
      • Vel aktuelt reisekort.
      • Fyll ut Vel beløp med ønsket påfyllingsverdi
      • Vel Legg til i handlekurv.
      • Om du er ferdig å handle så vel Vis handlekurv eller Vis handlekurv og betal.
      • Les og godta sals- og bruksvilkår, og evt. Send meg bekreftelse via e-post og vel Betal med kredittkort.
      Ved gjennomført betaling
      • "Ditt kjøp er fullført" kjem opp på skjermen.
      • Ditt kjøp blir registrert i menyen "siste aktivitet".
      Følgjande billettar er tilgjengelege i nettbutikken
      • Periodebillettar, bortsett frå Periodebillett Ungdom
      • Påfylling av verdi (reisepengar)
      Periodebillett Førehandsdefinert reisestrekning
      • Periodebillett Kristiansund
      • Periodebillett Kristiansund/Frei
      • Periodebillett Molde
      • Periodebillett Hjelset/Kleive
      • Periodebillett Ålesund, Giske, Sula
      • Periodebillett Sykkylven
      • Periodebillett Ulstein sentrum
      • Periodebillett Ørsta/Volda
      • Kombibillett Hareid Ålesund
      Sikkert nettkjøp i nettbutikken
      • Transaksjonar gjennom Fram sin nettbutikk følgjer alle tryggleiksinstruksar i høve til netthandel.
      • Du blir autentisert i nettbutikken med brukarnamn og passord.
      • Når brukarkonto er registrert, blir det sendt ei melding til din e-post. Innan ein tidsavgrensa periode må meldinga nyttast for å gjere brukarkontoen verksam.
      • Alle kjøp blir registrert i nettbutikken, men ikkje bruk av reisekortet på buss/hurtigbåt.
      • Betaling blir utført gjennom PayEx, Teller og kredittkortselskapa i samsvar med deira retningsliner (ved ikkje gjennomført betaling vil VISA reservere beløpet i 5 dagar).
      • Oppgjer for sal kjem til eigen konto hjå Fram.