Fram logo

Gode bussvanar

Takk for at du tek omsyn - det skal så lite til.

  • Gi tidleg og tydeleg teikn til sjåføren når du skal stoppe bussen på haldeplass.
  • Hald minst ein meter avstand til buss i bevegelse.
  • Bli sett. Bruk refleks, også der det er gatebelysning.
  • Vis køkultur. Ta omsyn til passasjerar som skal gå av.
  • Ha reisekort og anna betaling klar før du går om bord.
  • Hald legitimasjon klar når du går om bord. Passasjerar med rabatterte billettar (barn, honnør, student osv.) må til ein kvar tid kunne syne fram legitimasjon.  
  • Gå saman om bord når ein person skal betale for fleire. Dette gjør det mykje enklare for sjåføren.
  • Tenk tryggheit. Bruk setebelte i bussar som har det og festereim for barnevogn.
  • Vis omsyn. Gi plassen din til nokon som treng den meir.
  • Hald bussen rein. Ikkje drikk eller spis om bord.
  • Ha gyldig billett. Å reise gratis kan koste deg dyrt.
  • Vis omsyn. Unngå høglydte telefonsamtalar om bord i bussen.
  • Ikkje gå i bussen under kjøring
  • Ha beina godt planta på golvet, ikkje i setet kor andre skal sitte.
  • Ta generelt omsyn til medpassasjerar.