Fram logo

Kollektivtrafikk under stenginga av Fannefjordtunellen

Busstrafikk under stenging av Fannefjordtunellen torsdag 14. januar

Under stenginga av Fannefjordtunellen torsdag kveld 14. januar vil busstrafikken mellom Molde og Sølsnes køyre rundt Osen. Dette gjeld i tida mellom klokka 20.30 og 24.00.

Togbussen med avgang frå Åndalsnes kl. 1945 køyrer rundt Osen til Molde. Bussen er framme i Molde ca. 22.00 og køyre i retur 22.00. Ved behov vil ferja frå Sølsnes kl. 23.00 vente, og bussen køyre ca. 30 minutt etter ruta til Åndalsnes.

Togbussen frå Åndalsnes klokka 22.00 vil også køyre rundt Osen til Molde, og er framme i Molde ca. 24.00. Siste avgang frå Molde er flytta til kl. 24.00 når tunellen er opna igjen.

 


Viktig informasjon til dei reisande!
Hurtigbåttilbodet mellom Bolsøya og Molde blir køyrd til og med fredag 18. desember 2015. Frå laurdag blir tilbodet avslutta i samband med at den regulerte trafikken gjennom Fannefjordtunellen er utvida. For informasjon om arbeidet med tunellen, sjå prosjektsida til Statens vegvesen http://www.vegvesen.no/Fylkesveg/fv64fannefjordtunnelen

Tilbodet med FRAM FLEXX i Molde blir også avslutta etter fredag 18. desember 2015.

Vi oppfordrar deg til å fortsette å reise kollektivt også etter at tunellen opnar, oppdaterte rutetider for bussen mellom Molde, Skåla og Rauma finn du her på nettsida til FRAM http://frammr.no/Ruter/Buss