Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Omkøyring for kollektivtrafikken når Gjemnessundbrua er stengd

Laurdag 25. og søndag 26. november vil køyringa for FRAM Ekspress rute 905 Ålesund/Molde/Kristiansund til/frå Trondheim bli lagt om. Dette er på grunn av nødvendig vedlikehaldsarbeid, som stenger Gjemnessundbrua for all trafikk denne helga. 

Laurdag 25. og søndag 26. november blir Gjemnessundbrua stengt for trafikk. Dette fører til endringar for enkelte bussruter.

Foto: Ann Olaug Slatlem

Køyrer ikkje over Hemnekjølen

FRAM Ekspress rute 905 vil altså ikkje køyre over Hemnekjølen (E39) på strekninga Betna-Vinjeøra-Orkanger laurdagen og søndagen. Mellom Ålesund/Molde vil rute 905 køyre same veg som FRAM Ekspress rute 902 Molde-Sunndalsøra-Surnadal-Trondheim. Samtidig vil det vere samband på strekninga Kristiansund-Krifast-Halsa-Surnadal (i begge retningane). I Surnadal vil bussane korrespondere med bussen både sørgåande og nordgåande (rute 905).

Reisande som bur på strekninga Høgset-Batnfjordsøra kan reise kollektivt med FRAM Ekspress rute 100 frå Batnfjordsøra og til Molde. For så å reise vidare frå Molde med bussen til Surnadal/Trondheim (i begge retningane).

Strekninga Ålesund-Kristiansund

På strekninga Ålesund-Batnfjordsøra blir det mindre justeringar, og enkelte avgangar på laurdagen blir ikkje gjennomgåande på ferjestrekninga Molde-Vestnes. På strekninga Batnfjordsøra-Kristiansund blir det ikkje køyrd buss på strekninga Batnfjordsøra-Bergsøya. Mellom Bergsøya og Kristiansund blir det eit redusert tilbod og enkelte avgangar får endra avgangstid.

For reisande mellom Molde og Kristiansund er alternativ reiseveg via Atlanterhavsvegen med rute 510 Molde-Eide-Atlanterhavsvegen-Eide-Molde og 501 Molde-Eide-Averøy-Kristiansund. 

Reisande må rekne med forseinkingar i samband med ferjeavgangane mellom Molde og Vestnes kl. 14.15 på laurdag og ferjeavgangen kl. 21.45 på søndag. 

Ikkje følg dei ordinære rutehefta

Det er viktig at reisande som skal reise med avgangane i dette området siste helga i november ikkje følger dei ordinære rutehefta. Den oppdaterte ruteinformasjonen vil vere tilgjengeleg i FRAM-appen, reiseplanleggar til FRAM på frammr.no, og ved å ringe til FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00.

Det vil vere eit atterhald om eventuelle utsettingar av vedlikehaldsarbeidet om vinden blir for sterk, jf. melding frå Statens vegvesen.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00