Fram logo

Oppstart 01.01.2017

FRAM begynner med fire hurtigbåtruter og det siste av rute- og skolekøyringa den 1. januar 2017

Frå og med 01.01.2017 tek FRAM over hurtigbåtrutene 05 Hareid-Valderøya-Ålesund, 23 Langevåg-Ålesund, 24 Ålesund-Valderøya-Nordøyane og 39 Molde-Vestnes-Sekken, i tillegg til rute- og skolekøyringa i Rauma, Vestnes, Skåla-halvøya, Fræna, Eide, Midsund og Aukra.

Som reisande vil du få eit samla tilbod om du køyrer med hurtigbåtane og bussane i 2017.

Møre og Romsdal fylkeskommune har i kontraktane sett krav til universell utforming, miljø og sanntidsinformasjon på fleire av rutene, både for hurtigbåtane og bussane.

Det er laga rutehefter til alle rutene FRAM tek over, du kan finne dei her på frammr.no, ved trafikkterminalane, og om bord i bussane eller hurtigbåtane. Gjennom reiseplanleggaren kan du finne fram til kva for rute og tid du kan reise med bussen, ferja eller hurtigbåten. Enkelt og greitt.

Det blir jobba kontinuerleg med tilbodet til FRAM, og tilbakemeldingar frå dei reisande er viktig for å ha eit enkelt og attraktivt kollektivtilbod. FRAM Kundesenter kan du kontakte her

Velkommen om bord. God tur.