Fram logo

FRAM har samla alt i ny app

Publisert: 05.07.2017

Onsdag 5. juli lanserte Møre og Romsdal fylkeskommune og FRAM den heilt nye appen. Med denne appen, kalt FRAM, kan du søke i reiseplanleggaren, kjøpe billett og sjekke avgangen for bussen, hurtigbåten eller ferja gjennom mobilen din.

Alt er samla, og du kan bruke den i heile Møre og Romsdal. FRAM-appen vil gjere det enda enklare å reise kollektivt i fylket. Vi er stolte av denne leveransen. Det er nok den mest omfattande appen for kollektivreise i landet i dag.

Ruter og reiseplanlegging

I den nye appen kan du enkelt bruke reiseplanleggaren til å søke fram rutene og avgangane til dit du skal, inkludert billettprisen. I planlegginga kan du òg velje å sjå heile reisa på kartet, inkludert gangtid og eventuelt bytte av transportmiddel. Ruteinformasjonen gjeld for alle bussar, hurtigbåtar og ferjer i fylket vårt.

Ved avvik på avgangen, blir det vist med sanntid/nøyaktig tid med gult, men det gjeld ikkje alle rutene enno. Ved eventuelle avvik på ruta, kan du få melding om det. Møre og Romsdal fylkeskommune er no i ferd med å levere sanntid/nøyaktig tid på resten av rutene til FRAM-bussane i fylket. Posisjondata frå dette arbeidet vil bli brukt vidare inn i appen.

Enklare å kjøpe billett

Med FRAM-appen kan du kjøpe både enkeltbillett og periodebillett, i tillegg til å få påminning om at billetten snart går ut. Billetten gjeld alle bussar og hurtigbåtar i fylket. Den gjeld også ferje, dersom eitt eller fleire av ferjesambanda er inkludert i reisestrekninga til bussen.

I appen kan du kjøpe billetten med ein gong.  Du kan velje om billetten skal bli aktivert automatisk eller manuelt av deg. Det er mogleg å kjøpe billett opptil 48 timar før avgang.

Brukar du appen til å kjøpe billett, må du å aktivere billetten før du går om bord. Frå aktiveringa av billetten, tek det to minutt før han er gyldig. Som reisande skal du alltid vise fram billetten om bord.

Målet har vore å skape ein FRAM-app som treff behova kollektivreisande har for å enkelt finne ruteinformasjon og gjennomføre kjøpet av billetten.

- Det er mange gode kulturarrangement og musikkfestivalar i juli og august her i fylket, og skal du på eit av desse arrangementa, er dette ei fin moglegheit til å prøve den nye FRAM-appen.

Oppdater appen du har

Den tidlegare appen, FRAM Billett, har du til no kunne bruke til å kjøpe enkeltbillettar i byane i fylket. Denne blir no bytta ut med den nye appen. For deg som har den gamle appen på mobilen, får du enkelt den nye ved å oppdatere appen. FRAM-appen er utvikla både for iOS (Apple) og Android (Google).

For ytterlegare informasjon om FRAM-appen, kan du sjå nettsida for FRAM-appen.