Fram logo

Endringar for avgangane til nattbussen i Kristiansund

Publisert: 04.07.2017

Frå natt til søndag 9. juli gjer Møre og Romsdal fylkeskommune, ved kollektivtilbodet FRAM, endringar på avgangane til nattbussen i Kristiansund i forsøk om å auke bruken av rute 810.

Nattavgangane vil komme til å køyre med to avgangar frå trafikkterminalen natt til søndagane; klokka 00.30 og 01.50. I tillegg til avgangen frå Kongens plass klokka 03.00 natt til søndagane (eiga stopp for nattbussen). På avgangen klokka 03.00, vil nattbussen køyre til Seivikakrysset, Rensvik, Kvalvåg og Storbakken/Frei skole ved behov.

Billetten for nattbussen kostar 50 kroner mellom Kristiansund sentrum-Rensvik, og 70 kroner mellom Kristiansund sentrum-Frei.

Heile tilbodet for nattbussen i Kristiansund, finn du her på frammr.no i reiseplanleggaren og ruteheftet for Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla.