Fram logo

Aktuelt


Endring på to av FRAM Ekspress-avgangane frå Trondheim frå 23. oktober

Publisert: 06.10.2017

Frå og med måndag 23. oktober vil avgangane klokka 16.35 og 17.15 frå Trondheim for FRAM Ekspress rute 905 bli flytta fram. Flyttinga på avgangane vil gjelde for måndag-fredag.

 

  • Avgangen klokka 16.35 frå Trondheim over Surnadal blir endra til kl. 16.30 på måndag-fredag.

  • Avgangen klokka 17.15 frå Trondheim over Hemnekjølen blir endra til kl. 17.05 på måndag-fredag.

 

Bakgrunnen til endringane er vegarbeidet på E6 mellom Heimdal og Klett (ferdig til våren 2019) som forseinkar trafikken, spesielt på fredagane, og tar omsyn til vinterføre. Endringane er nødvendig for at bussane skal rekke ferjerute 48 Halsa-Kanestraum, og at avgangane ikkje mister korrespondansen vidare med FRAM Ekspress rute 100 frå Molde til Ålesund og Volda.

 

Publikum kan finne rutetidene i reiseplanleggaren gjennom FRAM-appen og på nettsida frammr.no