Fram logo

Om oss

Fram – kollektivtrafikken i Møre og Romsdal

Fram i Møre og Romsdal fylkeskommune planlegg, bestiller og samordnar kollektivtrafikken i Møre og Romsdal. Fram har også ansvar for informasjon om og marknadsføring av buss, ferje- og hurtigbåttilbodet i nettokontraktar og for fylkeskommunale samband. All operativ drift blir utført av ulike operatørselskap som køyrer på kontrakt for Fram innanfor same billett- og prissystem.

Leiinga

Fram er ein del av samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune der Arild Fuglseth er samferdselssjef. Dei næraste rådgivarane til samferdselsjefen er leiargruppa i Fram som består av Magne Vinje (ass.samferdselssjef og leiar av ressursseksjonen), Dag Hole (leiar av forvaltnings- og utviklingsseksjonen), Konrad Lillevevang (leiar av marknadsseksjonen), Per Ove Nydal (leiar av infrastrukturseksjonen)  og Stig Helle-Tautra (leiar av driftsseksjonen).

Operatørar

Fram eig sjølv ingen bussar, hurtigbåtar eller ferjer. Sjølve transporten blir utført av ulike operatørselskap som har kontrakt med Fram.

Buss: Atlantic Auto AS, Aukra Auto AS, Eide Auto, Nettbuss Midt-Norge AS, Sekken Næringspark AS, Tide Buss AS, Veøy Buss AS,
Hurtigbåt: Norled AS og FosenNamsos Sjø AS
Ferje: Fjord1 AS, Norled AS og Torghatten Nord

Anbod

Nye anbod for kontraktar blir lagt ut på www.doffin.no

Kontaktinformasjon Fram

Sentralbord: 177

Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde