Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Sanntid

Sanntidsinformasjonen gjer at vi kan oppgi avgangen til bussen, hurtigbåten og ferja nesten heilt nøyaktig. I reiseplanleggaren på nettsida og FRAM-appen får du opp søk med denne informasjonen. Det gjer det enklare og føreseieleg for deg å reise kollektivt.

Sanntid på bussane

I 2018 vil det komme sanntid på alle bussane i fylket som ikkje har det. I dag har blant anna alle FRAM Ekspress-rutene denne informasjonen om bord.

Under er nokon av fordelane med å ha sanntidsinformasjonen om bord i bussane:

  • Neste haldeplass bli automatisk lese opp over ein innvendig høgtalar
  • Skjermen inne i bussen vil gje deg informasjon om stoppestadene på ruta
  • Når bussen stoppar ved haldeplassen vil det vere utvendig opplesing av rute og destinasjon, slik at du som skal gå på bussen får betre informasjon

Skilt på fergekaiene

Skilta viser berekna tid for når ferja vil køyre frå kaia med klokkeslettet og tel ned frå 10 til 0 minutt. Avgangar som ikkje har berekna tid tilgjengeleg, viser planlagt rutetid etter ruteheftet i klokkeslettform (tt:mm). Vi har skilt med sanntid på 39 kaier. Kaiene som har dette er valt ut frå talet reisande og køyretøy som nyttar dei ulike sambanda.

Under er kaiene som har montert skilt med sanntidsinformasjon:

         
Molde   Vestnes   Sykkylven
Magerholm   Hareid   Sulesund
Festøy   Solavågen   Volda
Folkestad   Sølsnes   Åfarnes
Halsa   Kanestraum   Hollingen
Aukra   Eidsdal   Linge
Seivika   Tømmervåg   Stranda
Liabygda   Solholmen   Mordalsvågen
Årvika   Kopparneset   Kvanne
Rykkjem   Lauvstad   Skjeltene
Brattvåg   Edøy   Sandvika
Haramsøya   Harøya   Larsnes
Sæbø   Leknes   Dryna
         

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00