Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Reisegaranti

Denne reisegarantien er bygd på den anbefalte Bransjestandarden frå 2015, utarbeida av Kollektivtrafikkforeninga og NHO Transport. Reisegarantien dekker berre for bussen. Her kan du fylle ut reisegarantiskjema digitalt.

Reisegaranti

FRAM stiller klare krav til alle operatørar (busselskapa og reiarlaga) i våre kontraktar om handtering av forseinkingar, venting ved korrespondansar og garanti for plass om bord. I tilfelle kor mellom anna FRAM Ekspress er forseinka, betalar vi ferjeselskapet for å vente på bussen.

Nasjonal reisegaranti for bussen

Med reisegarantien til FRAM forpliktar vi oss til å gjere vårt beste for at du kjem fram til rett tid.

Det kan likevel oppstå forseinkingar eller anna svikt i kollektivtilbodet, då vil vi:

  • gi deg best mogleg informasjon om kva som skjer
  • så tidleg som mogleg gi deg informasjon om annan transport/reisevegar
  • i den grad det er praktisk mogleg, sette opp alternativ transport for deg

Etter ei klage, vil vi alltid gjere vårt beste for å lære av feila for å unngå at det skjer igjen.

NB! Reisegarantien gjeld i dag berre for bussen, ikkje ferje og hurtigbåt.

Satsar for refusjon

Om alternativ transport ikkje er mogleg, blir dokumenterte utlegg til drosje (og/eller eigen bil eller annan alternativ transport), refundert etter følgande satsar:

  • 20 minutt forsinka på reiser under 1 time med inntil 550 kroner
  • 40 minutt forsinka på reiser mellom 1 og 3 timar med inntil 825 kroner
  • 60 minutt forsinka på reiser over 3 timar med inntil 1100 kroner

På reiser over 3 timar, kor forsinkinga fører til at du ikkje når fram før dagen etter, kan du få dekka faktiske kostnader til overnatting. Dette må på førehand være klarert av FRAM Kundesenter.

Ver merksam på at du nyttar gjeldande rutetabell og informasjon om kollektivtilbodet. Det er ofte eigne rutetabellar ved jul, påske og i sommarferiar.

For at kravet skal gjelde, må du sende inn reisegarantiskjema eller kontakte FRAM Kundesenter skriftleg seinast 1 månad etter hendinga. Vi vil svare deg så raskt som mogleg og seinast 1 månad frå vi har motteke skjemaet.

Når gjeld reisegarantien?

Retten til refusjon gjeld ved alle avvik som det ikkje er informert om på førehand. Refusjonen gjeld anna rutetilbod, drosje eller eigen bil (1). Om du kan bruke eit anna rutetilbod bør du gjere det, eventuelt i tillegg til drosje.

Reisegarantien gjeld for enkeltreiser og ved overgang på reisene dine. Du må rekne nok overgangstid i tillegg til nødvendig gangtid, dersom det ikkje er fast korrespondanse.

Når gjeld ikkje reisegarantien?

Reisegarantien gjeld ikkje om det er 20 minutt eller mindre til neste avgang ifølge rutetabell.

Reisegarantien gjeld heller ikkje om forseinkinga eller innstillinga skjer på grunn av forhold utanfor kontrollen til FRAM eller operatøren. Dette er tilfelle som:

  • offentlege påbod og forbod
  • streik og liknande
  • naturkatastrofar
  • ekstraordinære vêrforhold
  • vegarbeid eller uførutsette problem med køyrevegen
  • større arrangement eller andre trafikale forhold som i stor grad rammar kollektivtrafikken

Reisegarantien omfattar heller ikkje tap som følge av forseinkinga t.d. mista tannlegetime, jobbavtale eller flyavgang.

Om du er ueinig i utfallet av klaga retta til FRAM, kan Transportklagenemnda vurdere saka. Klagene som skal bli behandla i nemnda, må vere sendt inn før det har gått 1 år etter at du som klagar sendte inn den skriftlege reklamasjonen til FRAM Kundesenter.

(1) Ved refusjon av kilometergodtgjersle, er det berre sjåføren som kan sende inn krav om fleire reiser saman. Refusjonen gjeld berre kilometergodtgjersle, ikkje ferje, bompengar og parkering.

  

Her kan du fylle ut reisegarantiskjema digitalt eller fyll ut dette reisegarantiskjemaet for utskrift og send i posten til: FRAM Kundesenter, Postboks 743, 6501 Kristiansund N.

Here you can fill out the travel guarantee form digitally or fill out this travel guarantee form for print and send it in the mail to: FRAM Kundesenter, Postboks 743, 6501 Kristiansund N.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00