Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Overgang

Merk! Gjeld ikkje til og frå Kystekspressen, som ligg i kollektivtilbodet til AtB i Sør-Trønderlag.

Overgang med kontantbillett/impulsbillett

  • Bytte frå ein buss eller hurtigbåt til ein annan buss eller hurtigbåt, blir rekna som overgang. Dette gjeld når transportmidla inngår i ei lengre reise.
  • Dersom framkomststaden for reisa ligg i Møre og Romsdal, skal det så langt som råd bli seld gjennomgåande billett heilt fram.

Kjøp av gjennomgåande billett

På det første transportmiddelet blir heile reisestrekninga lagt elektronisk inn i kortet. Kvar gong du skiftar transportmiddel må du lese av (validere) kortet i billettsystemet på det nye transportmiddelet.

Enkelte gonger må du kjøpe papirbillett for kvar del av reisa. Når du byter transportmiddel får du eit overgangsfrådrag med å vise fram papirbilletten til ny sjåfør/billettør. Dermed skal totalprisen for hele reisestrekninga bli om lag den same, som om du hadde fått gjennomgåande billett. Gyldig overgangstid står stempla på billetten, vanlegvis 60 minutt etter framkomsttid.

Overgang med ferje

Når ferje inngår i reisestrekninga får du ein papirbillett for ferjestrekninga. Denne må du vise til billettøren på ferga.

Overgang med periodebillett

  • Periodebilletten er gyldig på alle ruter og soner som ligg i kortet.
  • Kortet gjeld som overgangsbillett innanfor det gjeldande området.
  • Ved overgang til annan buss eller båt blir kortet lest (validert) på bussen/båten.
  • Gjeld periodebilletten for ei strekning der ferje inngår i reisestrekninga, må du vise fram kjøpskvitteringa av kortet til billettøren på ferga. Reisestrekning og gjeldande tid står på kvitteringa.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00