Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ofte stilte spørsmål

Her vil du finne svar på dei spørsmåla som oftast blir stilt til FRAM Kundesenter. Informasjonen på denne sida vil dermed forandre seg med tida.

Korleis fungerer reiseplanleggaren?

I reiseplanleggaren kan du leggje informasjon om kor du vil reise frå og til og få informasjon om fleire moglege reisealternativ. Det er ikkje nødvendigvis korrespondanse mellom avgangane du for oppgitt. Berekn overgangstid pluss eventuelt gangtid mellom haldeplassane.

Kva er reisekortet?

Reisekortet er for deg som reiser både ofte og sjeldan, og er eit plastkort du elektronisk legg billettane dine på. I tillegg har reisekortet ein verdidel kor du kan fylle på pengar og bruke verdien som betalingsmedel til kjøp av enkeltbillettar og periodebillettar. Sjå her for meir informasjon om reisekortet.

Kan eg betale med bankkort om bord?

Ja, alle bussane og hurtigbåtane til FRAM har bankkortterminalar tilgjengeleg. Det har også ferjene.

Får eg refundert periodebilletten om eg ikkje brukar han?

Om du er 100 prosent sjukemeldt i minst åtte dagar, kan du få refundert den delen av perioden som er igjen for billetten frå og med første sjukemeldingsdag. Utrekning av refusjonsbeløp blir gjort når reisekortet blir sendt saman med kopi av sjukemelding, kjøpskvittering for periodebilletten og ferdig fylt ut refusjonsskjema som du finn her. Send det i posten til: FRAM Kundesenter, Postboks 743, 6501 Kristiansund N.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00