Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ferjene

Riksvegferjene

Statens vegvesen har ansvaret for riksvegferjene i Møre og Romsdal.

Dette er riksvegferjerutene:

  • 10 Volda-Folkestad
  • 11 Festøya-Solavågen
  • 33 Molde-Vestnes
  • 48 Halsa-Kanestraum

Geiranger-Hellsylt

Ferjeruta 18 Geiranger-Hellesylt blir drevet av selskapet The Fjords.

Fylkesvegferjene

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for resten av ferjerutene i fylket, gjennom kollektivtilbodet til FRAM. Her kan du finne informasjon om FRAM.

Bestemmingane for ferjetakstane

Bestemmingane for ferjetakstane i Møre og Romsdal kan du finne i riksregulativet for ferjetakstar. Her kan du finne riksregulativet for ferje og ferjetakstane.

Ver merksam på at det er forskjellar på takstane for riksvegferjene og fylkesvegferjene.

Her er punktet som er forskjellig i dag:

Elbil

  • På riksvegferjene er det 50% rabatt av ordinær billettakst for køyretøy frå 01.03.18. Ved bruk av verdikort blir det gitt 50% rabatt i tillegg. For elbil betalar du totalt 25% av den ordinære køyretøytaksten ved bruk av verdikort. Sjåfør er inkludert i billetten.
  • Du kan ikkje lenger bruke periodebillett (inkludert for ungdom) til å betale for sjåføren av elbil etter 01.03.18.
  • På fylkesvegferjene er det ordinær billettakst for elbil utan rabattane.

AutoPASS for ferje

Oppstarten av billetteringa via AutoPASS-ferje er utsatt inntil vidare. Dette fører òg til ein ytterlegare utsetting på oppstarten av registrering av avtaler.

Dette betyr at eksisterande ferjekort fortsatt vil kunne bli brukt etter 15.05.2018.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00