Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

FRAM Flexx

FRAM Flexx er kollektivtransport som berre køyrer når nokon har bestilt. Turane blir køyrd med drosje eller minibuss. Du blir henta heime og køyrd heim igjen. FRAM Flexx er for alle, og du kan få hjelp av sjåføren til av- og påstiging om du treng det.

To typar FRAM Flexx

Tilbringartransport: Er skyss heimanfrå til ein av haldeplassane for FRAM sine rutegåande bussar, ferjer eller hurtigbåtar eller frå haldeplass til heim. Korresponderer med bestemte avgangar eller ankomstar.

Servicetransport: Er skyss heimanfrå til kommunesentrum eller eit anna handels-/servicesenter eller frå eit slikt sentrum til heim. I oversikta for dei ulike kommunane ser du kva type transport som er tilgjengeleg i ditt område.

Prisar

FRAM Flexx kostar kr 50 per passasjer per reise. Barn til og med 16 år reiser gratis i følge med vaksen, inntil to barn per vaksen. Barn under 4 år reiser alltid gratis. Du kan betale med kort eller kontant. Fortsett du reisa, løyser du ordinær billett på bussen, ferja eller hurtigbåten.
På servicetransport kveld er prisen ordinær busstakst.

Viktig om FRAM Flexx

•    Køyrer berre når nokon har bestilt, og bestillingane blir samordna for å utnytte ressursane best mogleg.
•    Transport til/frå heim føreset at den reisande bur maks. 2 km frå oppsett køyretrasé.
•    Stoppar berre der reisande skal hentast eller leverast, difor kan køyretida variere frå tur til tur.
•    Må bestillast ei viss tid før avreise, sjå angitt bestillingsfrist under kvar rute.
•    Du må vere klar 5 minutt før avtalt hentetidspunkt, og fordi FRAM Flexx også skal hente andre, kan det vere nødvendig at du venter i opptil 15 minutt etter avtalt tid.

Bestill reise

Her kan du bestille reise gjennom FRAM Flexx-tilbodet på nett. Om du ikkje vil bestille over nett, kan du ringe FRAM Kundesenter på tlf. 71 28 01 00.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00