Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

FRAM Ekspress

For deg som skal reise langt i fylket, kan FRAM Ekspress-rutene vere ein enkel, moderne og trygg måte å kome seg fram på. Så kan du slappe av og bruke tida på andre ting enn å køyre.

Rutene

  • FRAM Ekspress rute 101/100 Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund (den tidlegare TIMEkspressen)
  • FRAM Ekspress rute 420 Molde-Åndalsnes (togbuss)
  • FRAM Ekspress rute 681 Ålesund-Åndalsnes (togbuss)
  • FRAM Ekspress rute 901 Kristiansund-Oppdal (togbuss)
  • FRAM Ekspress rute 902 Molde-Sunndalsøra-Surnadal-Trondheim (Mørelinjen)
  • FRAM Ekspress rute 905 Molde-Kristiansund-Trondheim (Mørelinjen)

Her kan du finne rutehefta for FRAM Ekspress-tilboda, du kan søke i reiseplanleggaren på nett, bruke FRAM-appen eller du kan ringe FRAM Kundesenter på tlf. 71 28 01 00.

FRAM Ekspress-bussane er universelt utforma, og rutene har sanntidsinformasjon. Her finn du informasjon om kva sanntid er for noko.

Kjøpe billett

I en periode vil det vere mogleg å bestille billett til avgangane gjennom den ansvarlege operatøren sin nettside (ikkje rute 420 Molde-Åndalsnes), eller du kan kjøpe billetten om bord på bussen.

Tillate med hund

Frå og med 1. oktober blei det tillate å reise med hund på FRAM Ekspress-rutene. For hund betalar du barnebillett, og eigaren kan kjøpe billett til hunden av sjåføren om bord. Førarhund, politihund og annan tenestehund som er i aktiv teneste, kan reise utan eigen billett.

Vilkår for reise med hund:

  • Reisande med hund skal sitte lengst bak i bussen
  • Dersom det er reisande om bord med sterk allergi, kan sjåfør be reisande med hund om å vente på neste avgang
  • Dersom det er reisande om bord med sterk redsel for hund, kan sjåføren be reisande med hund om å vente på neste avgang
  • Dersom hunden er til sjenanse for andre reisande, kan sjåføren be eigaren om å forlate bussen med hunden

Katt i bur er også tillate på bussen.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00