Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Sals- og bruksvilkår for FRAM-appen

Før du kan begynne å bruke FRAM-appen til å søke etter reise, kjøpe billett og sjekke avgangane i sanntid treng du å samtykke til vilkåra for sal og bruk. Denne informasjonen ligg tilgjengeleg i appen og her på denne sida.

Produktinformasjon

Produkta som blir selt gjennom FRAM-appen er elektroniske billettar. Enkeltbillettar og periodebillettar. Ruteinformasjonen og billettane som er tilgjengelege i appen, gjeld for strekningane Møre og Romsdal fylkeskommune handterer i fylket gjennom kollektivtilbodet FRAM. Ruteinformasjonen gjeld for all den rutegåande kollektivtrafikken med bussane, hurtigbåtane og ferjene i fylket. Billetten gjeld for bussane og hurtigbåtane, og ferje om eitt eller fleire ferjesamband er inkludert i reisestrekninga til bussen.

MERK! Rabattane for gruppe/familie og maksprisen for FRAM Ekspress rute 101/100 Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund er ikkje tilgjengelege i appen enno. For å få rabatten, kan du kjøpe billetten av sjåføren/mannskapet om bord på bussen/hurtigbåten.

Ansvar og leveranse

Som reisande er du ansvarleg for at mobiltelefonen fungerer normalt og er leseleg ved ein eventuell billettkontroll, og at du har tilstrekkeleg med batteritid for heile reisa. Det blir rekna som å reise utan gyldig billett, om du ikkje kan vise fram billetten ved kontroll. Sjå også befordringsvedtektene.

Reisande som ikkje kan vise gyldig billett ved kontroll, skal i tillegg til billetten betale eit gebyr på 500 kroner ved betaling på staden. Ved faktura er gebyret sett til 750 kroner.

Billetten/billettane blir sendt/levert direkte etter at betalinga er gjennomført, distribueringa krev at denne appen er kopla til internett (wi-fi eller mobildata). Som reisande er du ansvarleg for at det er tilstrekkeleg dekning. Ver merksam på at det kan vere forseinkingar i leveransen grunna dårleg dekning. Leveringa av billetten/billettane blir rekna som gjennomført når produktet er aktivert.

Prisar

Alle prisane blir gitt i norske kroner (NOK) og inkl. meirverdiavgift. Den totale prisen for billetten/billettane vil bli vist i appen før kjøpet er gjennomført.

Prisane er bestemt etter takstregulativet som gjeld. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som er takstmyndigheita, og ved nytt takstregulativ kan prisane bli endra.

Betaling

I FRAM-appen nytter du debetkort og kredittkort som betalingsmedel. Ved kjøp av billett blir betalinga behandla av PayEx, som har ei sikker, elektronisk betalingsløysing for VISA og MasterCard/Eurocard. All kortinformasjonen blir oppbevart etter regelverket til kortselskapa. I banksystemet vil det ikkje bli lagra reiseinformasjon saman med den elektroniske billetten.

Aktivering av billetten

Billetten må vere aktiv før du går om bord. Når du kjøper billett i FRAM-appen kan du velje å aktivere han med ein gong (automatisk) eller å aktivere han seinare (manuelt). Etter at billetten er aktivert, vil tida han er gyldig begynne å telle ned, så vent med å aktivere billetten til to-tre minutt før du skal reise. I innstillingane kan du endre kva som kjem opp som standard. Etter at du trykker på aktiver, tek det to minutt før billetten er aktiv og gyldig.

Som reisande skal du alltid lese av QR-koden til billetten på validatorane om bord. I køyretøya/fartøya dette ikkje er mogleg, skal du vise fram billetten til sjåføren/mannskapa om bord.

Legitimasjon og dokumentasjon

Som reisande må du kunne vise fram legitimasjon til sjåføren/mannskapa/kontrolløren ved tvil om alderen din. Ved bruk av ein billett som gir rett til ein rabatt, skal du vise fram relevant dokumentasjon saman med billetten, t.d. FRAM Ung, studentbillett og honnørbillett.

Kvittering

For deg som treng kvitteringa for billetten du kjøper, kan du velje å fylle ut e-posten din i innstillingane i appen og huke av/trykke for å sende kvitteringa på e-post. Du kan gjere dette både når du kjøper billetten og ved å gå inn i oversikten for billettane dine.

Påminning

I innstillingane til appen kan du velje å huke av for om du vil ha ein påminning om at enkelt- eller periodebilletten går ut.

Angrerett

Det er ingen angrerett for enkelt- og periodebillettane kjøpt og aktivert gjennom appen. Billettane som er lasta ned til appen og aktiverte blir rekna som teken i bruk. Har du valt å ikkje aktivere billetten, vil reservasjonen på betalinga falle bort etter 48 timar.

Personvern

Denne tenesta er laga for å gjere planlegginga av kollektivreisa og billettkjøpet mobilt for kundane. Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM via databehandlarane, lagrar telefonnummeret ditt i appen til å identifisere deg med profilen. Om Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM vil bruke den registrerte informasjonen til andre føremål, t.d. til å sende deg reklame eller informasjon ut over det som er nødvendig for å gjennomføre avtalen, vil fylkeskommunen hente inn samtykke frå deg ved inngåing av avtalen.

Appen bruker Crashlytics for å samle inn informasjon om feilsituasjonar og bruksmønster, for enklare å kunne identifisere og rette opp feil og manglar. Informasjonen som blir samla inn under feilsituasjonar inkluderer statusen på eininga, unike identifikatorar på eininga, maskinvara på eininga og operativsystemet, informasjon relatert til korleis applikasjonen fungerer og plasseringa av eininga på det tidspunktet feilsituasjonen skjedde. For bruksmønster blir det samla inn informasjon om når og kor lenge appen er i bruk.

All den informasjonen som blir samla inn er gjort anonym og kan ikkje bli brukt for å identifisere brukaren, men blir delt med tredjepart som leverer tenester i appen, t.d. Crashlytics. Databehandlarane av denne tenesta er FARA og Datagrafikk.

Atterhald

Vi tek atterhald om at skrivefeil/feilvising kan skje, noko som kan innebere at t.d. funksjonane, tenestene, ruteinformasjon og produkta ikkje kan bli levert i samsvar med informasjonen i appen, i marknadsføringa eller på anna måte.

Ved større feil med appen, vil informasjon om det bli lagt ut på forsiden til nettsida.

Reklamasjon

Dersom det er ein mangel ved funksjonane, tenestene og produkta i appen, må du innan rimeleg tid etter at du oppdaga den, sende skriftleg melding gjennom kontaktskjemaet til FRAM Kundesenter og vise til mangelen. Du vil få informasjon om kva du skal gjere vidare. Reglene om reklamasjon finn du i loven om forbrukarkjøp (forbrukarkjøpsloven).

Kontaktinformasjon

Kontakt FRAM Kundesenter gjennom kontaktskjemaet, på tlf. 71 28 01 00, eller send post til: FRAM Kundesenter, Postboks 743, 6501 Kristiansund N.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00