Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Vi utviklar nettsida til FRAM

I ettermiddag/kveld blei nettsida til FRAM flytta frå ein plattform til ein anna. Du vil kanskje sjå at forsida er noko endra allereie no.

Trafikkmeldingar og arkiv

Nytt på sida frå i dag er at det vil vere mogleg å sjå trafikkmeldingane rett på forsida; korte meldingar om endringar i kollektivtrafikken du treng å vere merksom på. På forsida er det dei siste som blir vist, så det kan vere lurt å bruke lenka til eldre meldingar nede til høgre. No vil det også vere mogleg å gå tilbake i arkivet over nyheitene til FRAM, nede til høgre.

Reiseplanleggaren er større

Reiseplanleggaren har fått eit større område på forsida, saman med at det er blitt nokre nye menypunkt. Vi har prøvd å ikkje endre for mykje på nettsida i første runden.

Responsiv design

Nettsida er også en design som er responsiv, altså at størrelsen på elementa på nettsida vil justere seg etter om du er på ein data, nettbrett eller mobil.

Arbeidet vidare

Framover vil vi arbeide med å utvikle nettsida, noko som vil gjere at sida kan mangle informasjon ei kort tid og at informasjonen blir endra.

Følg med!

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00