Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Utvida ferjetilbod mellom Eidsdal-Linge dei neste to helgane

Sommartabellen med A- og B-ferje blir forlenga til dei neste to helgane, veke 37 og 38, for ferjesambandet 15 Eidsdal-Linge.

Eidsdal ferjekai. Foto: Kai Bedringås

Fredag 15. og laurdag 16. september vil det køyre A- og B-ferje etter den normale sommartabellen. Søndag 17. september vil sambandet køyre etter sommartabellen med både A- og B-ferje mellom klokka 11 og 17, og berre A-ferja utanfor denne perioden.

Fredag 22., laurdag 23. og søndag 24. september vil det også køyre både A- og B-ferje på sambandet etter den normale sommartabellen, men med noko lågare kapasitet på B-ferja denne helga.

Fartøya som blir sett inn mellom Eidsdal-Linge vil vere i reserve for andre samband. Om det oppstår ein situasjon andre stader, må B-ferja ut av dette sambandet.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00