Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Arbeid i Ellingsøytunnelen, Valderøytunnelen og Godøytunnelen

Ellingsøytunnelen, Valderøytunnelen og Godøytunnelen skal rustast opp, og snart startar arbeidet. Det er Statens vegvesen som har ansvar for prosjektet.

Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen

Arbeida startar i Ellingsøytunnelen 1. november og i Valderøytunnelen 29. november. Arbeidet skal vere ferdig i desember 2018.

  • Det blir fri ferdsel i tunnelane mellom kl. 06.00 og 20.00.
  • Mellom kl. 20.00 og 24.00 blir det kolonnekøyring med maksimalt 20 minutt ventetid.
  • Frå kl. 24.00 til 04.30 blir det ein kolonne kvar heile time, med unntak av dei fire første månadene.
  • Frå kl. 04.30, og til tunnelane opnar kl. 06.00, blir det kolonnar med maksimal ventetid 20 min.
  • Flybussavgangane blir tilpassa slik at det er mogleg å rekke dei første flyavgangane som normalt.

Det blir fri ferdsel  rundt jul og påske, og det vil bli opent for fri ferdsel to veker i juli 2018.

For mest mulig effektiv trafikkavvikling i arbeidsperioden oppmodar vi flest mogleg til å reise kollektivt. Hurtigbåt Valderøya-Godøya-Ålesund vil vere eit godt alternativ for mange. Reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM app vil vere oppdatert med korrekt reiseinformasjon i heile arbeidsperioden.

Merk! Statens vegvesen tilbyr ei SMS-teneste for varsling om endringar i trafikkavviklinga.

Klikk her for meir fullstendig informasjon om Ellingsøy- og Valderøytunnelane.

Godøytunnelen

Arbeida i Godøytunnelen startar 8. november og vil halde fram til våren 2019. 

Godøytunnelen blir stengt kvar dag med kolonnekøyring til faste tidspunkt.

  • Det blir satt opp hurtigbåt mellom Godøy, Ålesund og Valderøya, og du kan reise frå Godøya til Ålesund på 15 minutt.
  • Både på Godøya og i Ålesund er det busskorrespondanse vidare. I rushtida er det eigne bussar mellom Skateflukaia og Moa via Borgundvegen.
  • Det blir fri ferdsel rundt jul og påske og på dagtid på Kristi Himmelfartsdag, 17. mai og 2. pinsedag. Det vil også bli opent for fri ferdsel to veker i juli 2018.
    Merk! I dei periodane tunnelen er open, vil ikkje hurtigbåten gå. I desse periodane går det buss.

Reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM app vil vere oppdatert med korrekt reiseinformasjon i heile arbeidsperioden.

Merk! Statens vegvesen tilbyr ei SMS-teneste for varsling om endringar i trafikkavviklinga.

Klikk her for meir utfyllande informasjon om ferdsel til/frå Godøya i arbeidsperioden.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00