Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Oppmoding frå FRAM: vis at du skal på

Det er ikkje alltid lett for ein bussjåfør å sjå dei som står på busshaldeplassane eller vite om dei som står der faktisk ønsker å vere med bussen. Derfor går FRAM no ut med ei oppmoding til alle bussreisande: vis at du skal på!

Kampanjen "Vis at du skal på" oppfordrar alle til å bruke refleks og gje synleg teikn når dei skal på bussen. 

- Vi er no inne i den mørke årstida», seier Konrad Lillevevang, Seksjonsleiar i Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune med marknadsansvar for FRAM. - Viss folk har mørke klede og ikkje refleks, er det ofte vanskeleg for bussjåføren å sjå dei på haldeplassen. Det er jo slik at ikkje alle haldeplassane i vårt langstrakte fylke er opplyste, held han fram.

- I tillegg er det slik at ein del haldeplassar blir trafikkert av fleire bussar. Det er og nokre haldeplassar der bussen berre stoppar når nokon skal av eller på. For å få mest mogleg effektiv køyring, hjelp det veldig om dei reisande visar tydeleg at dei skal på bussen som nærmar seg, avsluttar Lillevevang.

Oppmodinga frå FRAM er som følger:

  • Strekk ut arma når bussen nærmar seg.
  • Bruk refleks på arma når det er mørkt.

FRAM vil dei neste vekene køyre ein informasjonskampanje med annonsering, skjermreklame på bussterminalar og andre aktuelle stadar og plakatar på bussane.

- Dette handlar om tryggleik og vissheit om at bussen får med seg dei som skal reise, seier Konrad Lillevevang. Vi håpar at alle gjer sitt for å sikre trygg og effektiv busstrafikk, avsluttar han.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00