Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nytt og betre rutetilbod på Smøla

I haust starta eit nytt og betre rutetilbod med bussrutene 831 og 832 på Smøla. No er det korrespondanse både til og frå alle hurtigbåtavgangane til Kystekspressen på Edøya.

Smøla har fått eit betre rutetilbod.

Foto: Terje Aamodt

Austsida

For rute 831, som går på austsida, har det blitt fleire avgangar, med tilbod til og frå alle avgangane Kystekspressen køyrer til og frå Trondheim og Kristiansund. Med betre korrespondanse med hurtigbåten, er det betre dekning utover kvelden. Siste avgangen køyrer frå Edøya klokka 21.15 måndag-fredag og søndag.

Vestsida

For rute 832, som går på vestesida, er det mindre endringar. Det har kome ein ny avgang frå Hopen klokka 07.25 som korresponderer med hurtigbåtavgangen kl. 08.40 til Trondheim Kystekspressen. Reisande som skal ta hurtigbåten frå Edøya på kvardagane kl. 15.00, kan reise om Hopen til Edøya.

Endringa for all busstrafikken på Smøla skjedde i samband med opninga av ny skole på Hopen.

Her finn du rutene

I den nye FRAM-appen og reiseplanleggaren på frammr.no vil du finne tidene i rutesøka. I tillegg er pdf-ene av ruteheftet som ligg ute på frammr.no oppdatert.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00