Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nye kort for TT- brukarar frå 1.august 2017

Møre og Romsdal fylkeskommune har signert kontrakt med Taxi Transport Telemark Administrasjon AS (TTT Administrasjon AS) for levering og drift av den elektronisk løysinga for transporttenesta for funksjonshemma (TT- ordninga) i Møre og Romsdal.

Magne A. Vinje, ass. samferdselssjef og Bjørn Johannessen dageleg leiar av TTT Administrasjon AS signerte kontrakt 19. mai 2017. 

Møre og Romsdal fylkeskommune har hatt TT- ordninga ute på anbod, og i samband med dette er det valt ny leverandør. Ny leverandør er TTT Administrasjon AS, og dei vil på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune drifte ordninga. Nytt kort vil bli sendt ut til alle brukarar av TT- ordninga innan 1. august, saman med eit informasjonsbrev. Kortet er grønt og det vil fungere på lik linje som det tidlegare kortet. 

Om TT- ordninga

Transporttenesta for funksjonshemma er eit tilbod om dør- til dør-transport, hovudsakleg med drosje. Det er for personer som grunna fysisk eller psykisk funksjonshemming, ikkje har moglegheit til å reise med det ordinære kollektivtilbodet. Ordninga er meint å dekke fritidsreiser for brukaren. TT-ordninga er ikkje ein lovfestet rettighet, men er eit transporttilbod som Møre og Romsdal tilbyr sine innbyggjarar.

Tilskotsramma for den fylkeskommunale TT- ordninga er i dag på 15 176 millionar pr. år. I tillegg blir det også finansiert ei utvida TT- ordning gjennom Samferdselsdepartementet sitt budsjett. Tilskotet for 2017 var på 7 087 000,-. Til saman disponerer Møre og Romsdal fylkeskommune 22 263 millionar på TT- området.

I Møre og Romsdal fylke er det i dag ca. 6700 godkjende TT-brukarar.

Meir informasjon om TT- ordninga finn du her

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00