Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nye endringar på båt- og busstilbodet mellom Godøya og Ålesund

Etter to veker med drift av båt- og busstilbodet mellom Godøya og Ålesund, ser vi at det er behov for nokre justeringar. 

Hurtigbåtavgangen frå Skateflukaia blir flytta for å korrespondere med siste bussen frå flyplassen. 

Foto: Marit Holen, Møre og Romsdal fylkeskommune

Endringar båt frå fredag 24. november

  • Avgang kl. 23.05 frå Skateflukaia blir flytta til kl. 23.15 alle dagar for korrespondanse med siste buss frå flyplassen.
  • Avgangar etter kl. 22.55 laurdagar vil ikkje ha ventetid på Valkvæ, men gå direkte til byen. Dette vil gi eit betre tilbod til passasjerane frå Valderøya.

Endringar buss frå måndag 27. november

  • Avgang frå Ytterland kl. 07.25 flyttast til 07.20.
  • Avgang frå Juv kl. 07.45 flyttast til 07.40.
  • Avgangar frå Volvo (Breivika) vil gå frå austgåande haldeplass og køyrer deretter opp på E39.
  • Ny avgang frå Ytterland til Giske kl. 15.00.
  • Avgang frå Valkvæ kl. 15.05 køyrast berre til Godøy skole.
  • Ny avgang frå Valkvæ til Alnes og Juv kl. 15.10.
  • Avgang frå Juv kl. 15.30 til Valkvæ går ut.
  • Avgang rute 662 frå Ålesund kl. 20.25 flyttast til kl. 20.35.
  • Avgang rute 650 frå Kverve kl. 20.32 flyttast til kl. 20.42.

Endringane blir gjort for å tilpasse kolonnekøyringa, for å få betre framføringstid og betre korrespondansar.

Husk! Du finn alltid oppdaterte reisetider i reiseplanlegger på frammr.no og i FRAM-appen.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00