Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

No kan du kjøpe 24-timarsbillett i byane

Det er no mogleg å kjøpe ein periodebillett for bussane i byane Kristiansund, Molde og Ålesund, som er gyldig for ein periode på 24 timar. 

– Periodebilletten lønner seg for deg som skal reise meir enn tre turar på eit døgn, seier seksjonsleiar Konrad Lillevevang i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Billett for bysonen

24-timarbilletten kostar  111 kroner for ein vaksen og 76 kroner for eit barn i Ålesund. I Molde og Kristiansund er prisen 86 kroner for ein vaksen og 58 kroner for eit barn.  Prisen er 20 prosent av ein periodebillett på 30 dagar for det aktuelle området.

–Merk at i Ålesund gjeld denne billetten i sone Ålesund-Moa, det vil seie frå Hessa til Spjelkavik. I Molde og Kristiansund gjeld billetten i bysonen, altså ikkje Kristiansund-Frei, fortel Lillevevang.

Nye rutetider frå 1. mai

1. mai begynte ein samla ruteperiode for bussane, ferjene og hurtigbåtane. Omtrent alle rutene, med unntak av flybussen i Ålesund, har no ruteperiode mellom 1. mai og 30. april året etter. For rutetider og informasjon om kollektivtilbodet i fylket, sjå frammr.no eller ring 177.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00