Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ferjeruta Åfarnes-Sølsnes og bussrutene 420 og 421 blir endra 18. september

Frå og med måndag 18. september vil det køyre éi ferje på rute 36 Åfarnes-Sølsnes igjen. På grunn av dette vil det bli nokre endringar på avgangstidene til rute 420 FRAM Ekspress Åndalsnes-Molde og 421 Molde-Sølsnes frå same dato.

Endringa for ferjerute 36 Åfarnes-Sølsnes

Ferja vil igjen følgje den ordinære rutetabellen.

Endringane for rute 420 FRAM Ekspress Åndalsnes-Molde

  • Måndag-fredag vil avgangane for rute 420 FRAM Ekspress Åndalsnes-Molde frå Øran øst kl. 10.00, 17.00, 18.10 og 19.40 bli flytta nokre minutt fram, til 09.55, 16.55, 17.55 og 19.35.
  • Laurdag vil avgangane frå Øran øst kl. 10.00, 16.05 og 19.40 bli flytta fram, til 09.55, 15.50 og 19.35.
  • Søndag vil avgangane frå Øran øst kl. 10.00, 18.00 og 19.40 bli flytta til 09.55, 17.55 og 19.35.

Endringane for rute 420 FRAM Ekspress Molde-Åndalsnes

   

Måndag-fredag vil avgangane for rute 420 Molde-Åndalsnes frå Molde trafikkterminal kl. 15.50, 17.35 og 19.15 bli flytta fram, til 15.45, 17.25 og 19.10. Det blir ingen endringar i denne retninga på laurdag og søndag.

Vi ber alle som reiser med rute 420 om å vere merksam på at også nokre av avgangane er flytta til fem minutt seinare enn i dag. 

Endringane for rute 421 Molde-Sølsnes

  • Måndag-fredag ved skolefri vil avgangen kl. 17.30 frå Molde trafikkterminal bli flytta fram, til 17.25.
  • Måndag-fredag ved skolefri vil avgangen frå Sølsnes ferjekai kl. 18.00 bli flytta til 17.55.
  • Måndag-fredag vil avgangen kl. 16.05 frå Sølsnes ferjekai bli flytta til ti minutt seinare, til 16.15.

 

I den nye FRAM-appen og reiseplanleggaren på frammr.no vil du finne tidene i rutesøka. I tillegg vil pdf-ene av ruteheftet som ligg ute på frammr.no vere oppdatert.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00