Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

FRAM og Ålesund kommune gjer seg klar for sommaren

- Sommaren står for døra, og med det fleire festivalar i Ålesund sentrum. I samband med festivalane blir delar av sentrum stengd for busstrafikk, fortel Svein Ivar Aarskog i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Festivalsesongen i Ålesund startar 16. – 17. juni med Ålesund Live. – Deretter går det slag i slag med båtfestival og matfestival, fortel Aarskog.

Samarbeid for best mogleg flyt i kollektivtrafikken under festivalane

Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for FRAM, og jobbar no saman med Ålesund kommune for å sikre best mogleg flyt i kollektivtrafikken i festivalperioden.

- Ålesund er kjent for dei gode festivalane sine, seier Leif-Olav Brandt, avdelingsingeniør i Ålesund kommune. ­– Festivalane skaper liv i byen og trekker folk til sentrum. Det er vi svært glade for! Vi ser samtidig at festivalstengde gater medfører ei utfordring for busstrafikken. Derfor jobbar vi no med fylkeskommunen for å finne ei best mogleg løysing både for dei som skal ta buss i sentrum og for dei som skal køyre bussen, seier Brandt.

Alternativ trasé i sommarmånadane

Under festivalane blir enkelte gater stengd for biltrafikk og bussane må køyre alternativ trasé. For å gjere det mest mogleg oversiktleg for publikum, vil bussane i sentrum køyre ein alternativ trasé i heile perioden frå Båtfestivalen startar til Matfestivalen er over.

- For at det ikkje skal være tvil om kor tid bussen køyrer alternativ trasé, køyer vi «sommartrasé» frå 8. juli til 27. august, opplyser Aarskog. Bybussane til Ålesund sentrum som brukar St. Olavsplass (linje 610,611,618 og 624), vil i staden køyre ruta Kipervikgata, Korsatunnellen, Ålesund rådhus, Rutebilstasjonen.

- I same periode vil heller ikkje Dronning Sonjas plass vere betjent. Bussane vil i staden gå frå Ålesund rådhus. Under Ålesund Live vil alle bussar gå frå spor 5, som er sporet opp mot hovduvegen, legg han til.

Meir informasjon kjem

Det vil bli satt opp merking på busstopp som ikkje blir betjent i sommarperioden, og det vil bli sendt ut informasjon gjennom pressa og i andre relevante kanalar. 

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00