Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Endringar på avgangane for bussrute 831 frå 27. november

Frå måndag 27. november vil det bli endringar for bussrute 831 Veiholmen-Hopen-Nordvika-Straumen-Edøya. Det blir endringar både mot og frå Edøya.

Foto: Terje Aamodt

Mot Edøya

Frå Nordvika mot Edøya ferjekai blir avgangane måndag til søndag flytta fram med fem minutt, bortsett frå avgangen frå Nordvika klokka 14.20 på skoledagane.

Frå Edøya

Det vil vere endringar på fleire av avgangane på rute 831 Edøya-Straumen-Nordvika-Hopen-Veiholmen. Dette gjeld avgangane frå Edøya ferjekai måndag-fredag kl. 15.05, 17.15, 19.30, og søndag kl. 17.05.

Bruk dei oppdaterte rutetidene i appen og på nett

Vi ber publikum om å bruke FRAM-appen, reiseplanleggaren og ruteheftet på frammr.no eller ringe FRAM Kundesenter (tlf. 71 28 01 00) for å sjekke dei oppdaterte avgangstidene.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00