Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aktuelt

Frå 1. oktober kan du ha med hund på FRAM Ekspress-rutene

25.09.17

For å gjere det enklare å reise kollektivt med hund, vil det frå søndag 1. oktober vere tillat å ha med hunden om bord på FRAM Ekspress-rutene.

Nytt og betre rutetilbod på Smøla

22.09.17

I haust starta eit nytt og betre rutetilbod med bussrutene 831 og 832 på Smøla. No er det korrespondanse både til og frå alle hurtigbåtavgangane til Kystekspressen på Edøya.

Utvida ferjetilbod mellom Eidsdal-Linge dei neste to helgane

14.09.17

Sommartabellen med A- og B-ferje blir forlenga til dei neste to helgane, veke 37 og 38, for ferjesambandet 15 Eidsdal-Linge.

Ferjeruta Åfarnes-Sølsnes og bussrutene 420 og 421 blir endra 18. september

14.09.17

Frå og med måndag 18. september vil det køyre éi ferje på rute 36 Åfarnes-Sølsnes igjen. På grunn av dette vil det bli nokre endringar på avgangstidene til rute 420 FRAM Ekspress Åndalsnes-Molde og 421 Molde-Sølsnes frå same dato.

Endringar for nattbussen i Ålesund

07.09.17

Frå og med natt til 10. september, blir det endringar for nattbussen i Ålesund. Dette i samband med at skjenketida i Ålesund er endra. 

Ålesund: Endringar i nattbussen

06.09.17

I samband med at skjenketida i Ålesund er endra, blir det óg endringar for nattbussen frå og med natt til 10. september.

Instagram-konkurranse for FRAM Ekspress

06.09.17

Frå 11. august til 10. september kan du vere med i konkurransen om å vinne periodebillett for ut året! Sjå her for meir informasjon om konkurransen og vilkåra.

-Ta bussen til Jugendfest

16.08.17

-Skal du eller nokon i familien din på Jugendfest eller Minijugend i Ålesund 18. og 19. august? FRAM oppmodar flest mogleg til å ta buss til og frå festivalen. Tar du buss, unngår du problem med parkering, og kan slappe av på reisa til og frå arenaen, seier Inge Rønstad, rådgivar i fylkeskommunen. 

Nytt kollektivtilbod mellom Ørsta og Sæbø

15.08.17

Frå 21. august blir kollektivtransporttilbodet mellom Ørsta og Sæbø utvida med bestillingstransport. Dette gjeldpå kveld og helg, i periodar kor det ikkje går buss. Ordninga heiter FRAM Flexx. FRAM Flexx er ein del av det ordinære kollektivtilbodet, og blir køyrd med drosje eller minibuss.

Nattbusstilbod under Skjærvafest

24.07.17

Møre og Romsdal fylkeskommune set inn eit utvida tilbod med nattbuss under Skjærvafest i helga. FRAM-bussane vil køyre frå Innlandet og Kristiansund sentrum både natt til laurdag 29. juli og natt til søndag 30. juli.

FRAM har samla alt i ny app

05.07.17

I dag lanserer Møre og Romsdal fylkeskommune og FRAM ein heilt ny app. Med denne appen, kalt FRAM, kan du søke i reiseplanleggaren, kjøpe billett og sjekke avgangen for bussen, hurtigbåten eller ferja gjennom mobilen din.

Endringar for avgangane til nattbussen i Kristiansund

04.07.17

Natt til søndag 9. juli blir det endringar på avgangane til nattbussen i Kristiansund. – Dette blir gjort som eit forsøk for å auke bruken av rute 810, seier rådgivar Frode Kvalheim i Møre og Romsdal fylkeskommune.

FRAM utvidar nattbusstilbodet under Moldejazz

23.06.17

Møre og Romsdal fylkeskommune, ved kollektivtilbodet FRAM, set inn ekstra avgangar for nattbussen ved Moldejazz 2017. Det blir eit utvida tilbod i Molde, Fræna, Eide og Aukra denne veka.

FRAM utvidar nattbusstilbodet ved Tahiti-festivalen

23.06.17

- Også i år blir det sett opp nattbuss natt til fredag, laurdag og søndag under Tahitifestivalen, seier rådgivar Frode Kvalheim ved samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

FRAM og Gurisentret samarbeider om transport til og frå Fru Guri av Edøy 2017

22.06.17

Gurisentret og FRAM fortsett samarbeidet frå 2016 og tilbyr felles transport og billett til førestillinga under årets Fru Guri av Edøy.

Oppstart av FRAM Flexx bestillingstransport i Fræna

22.06.17

Frå 26. juni blir det innført FRAM Flexx bestillingstransport i Ytre Fræna. Ordninga skal erstatte tidlegare bussruter.

Ålesund: Endring busslinje 608 frå veke 25

12.06.17

I samband med stenging av Hatlaåstunnellen frå veke 25 vil det bli noko lengre køyretid for linje 608. 

Justeringar i FRAM Flexx-tilbodet frå 1. juni 2017

24.05.17

Som følge av endringar i rutetider for buss og ferje, blir det nokre justeringar i FRAM Flexx-tilbodet i kommunane Aure, Halsa, Herøy og Haram frå 1. juni 2017.

FRAM og Ålesund kommune gjer seg klar for sommaren

22.05.17

- Sommaren står for døra, og med det fleire festivalar i Ålesund sentrum. I samband med festivalane blir delar av sentrum stengd for busstrafikk, fortel Svein Ivar Aarskog i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

No kan du kjøpe 24-timarsbillett i byane

02.05.17

Det er no mogleg å kjøpe ein periodebillett for bussane i byane Kristiansund, Molde og Ålesund, som er gyldig for ein periode på 24 timar. 

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00