Fram logo

FRAM Ekspress

Den 1. januar 2016 lanserte Møre og Romsdal fylkeskommune eit heilt nytt ekspressbusstilbod for FRAM. Målet er å gjere det enkelt og attraktivt å reise med buss gjennom fylket.

Den 10. oktober 2016 begynner FRAM med å køyre langrutene til og frå Trondheim, også kjent som Mørelinjen for mange. I tillegg til bussruta som fraktar deg til og frå togene i Oppdal.

 

Rutene

  • FRAM Ekspress rute 101/100 Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund (den tidlegare TIMEkspressen)
  • FRAM Ekspress rute 681 Ålesund-Åndalsnes (togbuss)
  • FRAM Ekspress rute 901 Kristiansund-Oppdal (togbuss)
  • FRAM Ekspress rute 902 Molde-Sunndalsøra-Surnadal-Trondheim (Mørelinjen)
  • FRAM Ekspress rute 905 Molde-Kristiansund-Trondheim (Mørelinjen)

Her kan du finne rutehefta for FRAM Ekspress-tilboda, du kan søke i reiseplanleggaren, eller du kan ringe FRAM Kundesenter på telefon 177.

I en periode vil det vere mogleg å bestille billett til avgangane gjennom den ansvarlege operatøren sin nettside, eller du kan kjøpe om bord på bussen.

Det er ikkje tillate å reise med dyr på ekspressbussane, med unntak av hund i teneste (førarhund, politihund etc.)

 

Nye og større bussar

Det har blitt sett inn heilt nye og større bussar med betre passasjerkapasitet på avgangane i rushtida for ekspressbussane mellom Volda og Kristiansund.

Det blir også sett inn nye bussar med universell utforming i bussane som vil køyre mellom Molde/Kristiansund-Trondheim og Kristiansund-Oppdal.

 

Sanntidsinformasjon om bord

I 2016 fikk reisande i Møre og Romsdal eit tilbod med reiseinformasjon i sanntid. Dette blir montert i alle FRAM Ekspress-bussane framover.

Nedanfor er nokon av fordelane med sanntidsinformasjon:

  • Neste haldeplass blir automatisk lese opp over ein innvendig høgtalar
  • Skjermar inne på bussen vil gje reisande informasjon om dei neste stoppestadene på ruta
  • Når bussen stoppar ved ein haldeplass vil det bli utvendig opplesing av rute og destinasjon

Nye bussar

Sanntid ombord