Fram logo

Billettar

Under finn du informasjon om dei ulike billettane og produkta tilgjengeleg for dei kollektivreisande med FRAM.

Reisekort

På reisekortet kan du elektronisk leggje inntil åtte ulike periodebillettar og enkeltbillettar m.m. I tillegg har reisekortet ein verdidel kor du kan fylle på pengar og bruke til kjøp av enkeltbillettar og billettar. Kortet blir fylt opp med ønska beløp og er klart til bruk som betalingsmiddel på buss og hurtigbåt. Reisekortet kan du bruke uavhengig av kvar du reiser, riktig beløp vert belasta automatisk frå kortet. Reisekortet kan du kjøpe og fylle ved trafikkterminalane og rutebilstasjonane, du kan kjøpe og fylle kortet om bord i buss eller på hurtigbåt, eller du kan bestille reisekort her på nettstaden til FRAM. Du kan fylle på det same kortet på nytt når billetten er utgått eller beløpet er brukt opp.

Enkeltbillett

Passar for deg som reiser ein gang i blant. Du kan betale for enkeltbillettar kontant eller med verdidelen i reisekortet. Med å bruke reisekortet får du 17 prosent rabatt på ein vaksen enkeltbillett. Grupper på to eller fleire som reiser saman og løyser felles billett, får 25 prosent rabatt på enkeltbillett når strekninga er sju soner eller lenger. Grupperabattane gjeld berre vaksne og barn, ikkje t.d. vernepliktige og honnørreisande, men dei kan telje med for å utgjere ei gruppe.

Periodebillett for 30 dagar

Periodebilletten er personleg og gjeld for ein bestemt person i 30 dagar. Billetten gir eit uavgrensa tal på reiser innanfor dei sonar du vel, og kortet gjeld frå dato til dato. Ruteselskapa har også høve til å selje periodebillettar for 15 dagar. Resiekortet skal innehalde eit fotografi av den reisande ved bruk av periodebillett. Det blir selt gjennomgåande periodebillettar for buss og ferje. Samordna periodebillettar mellom buss og hurtigbåt blir selt på enkelte strekningar.

FRAM Ung - periodebillett for ungdom

FRAM Ung er ein periodebillett for ungdom inntil 23 år (billetten gjeld for aldersgruppa til og med 22 år), og gjeld for eit uavgrensa tal reiser med buss-, hurtigbåt- og ferje, samt med bussrute gjennom bomstasjon, innan Møre og Romsdal fylke i 30 dagar. FRAM Ung kostar 400 kroner. FRAM Ung gjeld ikkje på nattbussar og flybussane i Ålesund.

Periodebillettar område

Periodebillettar for eit område gir rett til eit fritt tal reiser innan det geografiske området i 30 dagar. Periodebillettane kan du ikkje nytte på nattbuss.

Det er i dag periodebillettar for dei utvalde geografiske områda:

Periodebillett Ålesund, Giske, Sula
Periodebillett Kristiansund
Periodebillett Kristiansund/Frei
Periodebillett Molde
Periodebillett Hjelset/Kleive
Periodebillett Ørsta/Volda
Periodebillett Sykkylven
Periodebillett Ulsteinvik
Periodebillett Elnesvågen-Molde (frå 1.1.17)
Dagsbillett

Dagsbilletten gjeld i Molde, Ålesund og Kristiansund. Den er gyldig i 24 timar frå kjøpstidspunkt. Ein kan reise eit ubegrensa tal reiser innan bysona(ne) innan gyldighetsperioden. Billetten koster 20% av periodebillett «område» (tidligere miljøkort). Eks. For Molde blir det kr 86,-

Nattbuss

Dei tre største byane i fylket har eit nattbusstilbod med eigne takstar. NB! Ingen rabatt, og periodebillettar kan ikkje nyttast på nattbussane.

Busspakker

Med busspakke kan du sende pakker med bussen. Takstane for busspakkene er basert på sonetakst.

Kombinasjonsprodukt hurtigbåt og buss

Reiser du både med hurtigbåt og buss? Kombinasjonsprodukt har gunstige prisar og er tilgjengeleg på ein rekkje strekningar.

Mellom anna:

Rundreise Sula-Langevåg
Ålesund-Nordøyane

 

Periodebillett for buss og ferje

For periodebillett for buss- og ferjereiser skal ferjeandelen utgjere 50 prosent av takst for kortet på vedkomande ferjedistanse. Ein slikt billett er berre gyldig for bruk som del av ei bussreise.