Fram logo

Overgangar- og omstigningsreglar

Overgangsreglar på buss og hurtigbåt i Møre og Romsdal.

NB: Gjeld ikkje til/frå Kystekspressen.

Overgang med kontantbillett / impulsbillett
  • Bytte frå ein buss/hurtigbåt til ein annan, eller frå eit selskap til eit anna, blir rekna som overgang. Dette gjeld når transportmidla inngår i ei reisekjede.
  • Dersom framkomststaden for reisa ligg i Møre og Romsdal, skal det så langt som råd bli seld gjennomgåande billett heilt fram.
Korleis får du kjøpt gjennomgåande billett?

På det første transportmiddelet blir heile reisestrekninga lagt elektronisk inn i kortet. Kvar gong du skiftar transportmiddel må du lese av (validere) kortet i billettsystemet på det nye transportmiddelet.

Kva gjer eg når eg ikkje får kjøpt gjennomgåande billett?

Enkelte gonger må du kjøpe papirbillett for kvar del av reisa. Når du byter transportmiddel får du eit overgangsfrådrag med å vise fram papirbilletten til ny sjåfør/billettør. Dermed skal totalprisen for hele reisestrekninga bli om lag den same, som om du hadde fått gjennomgåande billett.

Gyldig overgangstid står stempla på billetten - vanlegvis 60 minutt etter framkomsttid.

Overgang med ferje

Når ferje inngår i reisestrekninga får du ein papirbillett for ferjestrekninga. Denne må du vise til billettøren på ferga.

Overgang med periodebillett
  • Periodebilletten er gyldig på alle ruter og soner som ligg i kortet.
  • Kortet gjeld som overgangsbillett innanfor det gjeldande området.
  • Ved overgang til annan buss eller båt blir kortet lest (validert) på bussen/båten.
  • Gjeld periodebilletten for ei strekning der ferje inngår i reisestrekninga, må du vise fram kjøpskvitteringa av kortet til billettøren på ferga. Reisestrekning og gjeldande tid står på kvitteringa.