Fram logo

FRAM Billett

Med FRAM Billett har du billetten klar allereie før du går om bord på bussen! Bruk betalingsappen til å søkje opp haldeplassar på førehand, og like enkelt betal for enkeltbilletten med det same. Nyttig for deg som reiser i Kristiansund, Molde eller Ålesund med mobilen i lomma eller veska.

Billetten er gyldig i éin time frå den er kjøpt og aktivert. Du må kjøpe billetten før du går om bord.

For Kristiansund kan du kjøpe enkeltbillett gyldig på bussrutene innanfor Kristiansund by (med bybussane).

For Molde kan du kjøpe enkeltbillett gyldig på bussrutene innanfor Molde by (med bybussane).

For Ålesund kan du kjøpe enkeltbillett gyldig på bussrutene innanfor Ålesund, Giske og Sula kommune.

NB! Billetten gjeld ikkje for reise med nattbussen eller flybussen til/frå Vigra, der må ein kjøpe eigen billett om bord på bussen.